RP5-401 Rusproblematikk - samansette utfordringar
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Emnet Rusproblematikk - samansette utfordringar handlar om vanskar som den rusavhengige og nettverket til den rusavhengige kan oppleve. Tema i undervisninga vert gjennomgått og diskutert med utgangspunkt i ulike faglege perspektiv.
Emnet tek utgangspunkt i den samansette problematikken knytt til langvarig rusmiddelbruk og dei utfordringar som brukaren og brukaren sitt nettverk kan møte. Studenten vil få kunnskap om komplekse livssituasjonar og helsemessige utfordringar for rusmiddelbrukarar. Samspel med privat og offentleg nettverk, helse og levekår er sentrale tema. Dei ulike tema vert gjennomgått og diskutert med utgangspunkt i ulike faglege perspektiv.
Læringsutbytte
KUNNSKAPAR
Etter fullført emne har studenten
- inngåande kunnskap om samanhengar mellom rusmiddelbruk og psykiske, somatiske og sosiale vanskar, og konsekvensar av desse
- avansert kunnskap om sosialisering, tilhøyr og tryggleik relatert til rusmiddelbruk
- inngåande kunnskap om arbeidsliv og meistring relatert til rusmiddelbruk
- avansert kunnskap om kompleksiteten kring rusmiddelbruk og samansette utfordringar som langvarig rusmisbruk kan føre til
FERDIGHEITER
Etter fullført emne kan studenten
- analysere ulike konsekvensar av rusmiddelbruk og kunne nytte relevante teoriar i sjølvstendig arbeid
GENERELL KOMPETANSE
Etter fullført emne
- kan studenten med utgangspunkt i relevante teoriar, kritisk analysere rusmiddelbrukarar sitt hjelpebehov i eit heilskapsperspektiv og bidra til nytenking
Krav til forkunnskapar
Avslutta grunnutdanning på bachelornivå (minimum tre år) i helse- eller sosialfag. Andre med minimum treårig høgare utdanning med relevant fagsamansetning kan etter vurdering bli tatt opp.
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, diskusjonar, seminar, gruppeoppgåver, individuelle oppgåver, refleksjonsgrupper og sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studiet er basert på obligatorisk deltaking i refleksjonsgrupper. Det er krav om 80% oppmøte.
Vurderingsform
Ei individuell prosjektoppgåve på 10 sider, med munnleg etterprøving.
Vurderingsutrykk A - F der F er ikkje greidd vurdering
Oppgåva vert vurdert med ein førebels karakter og endeleg karakter vert sett etter den munnlege etterprøvinga. Oppgåva må vere sensurert med ein førebels greidd karakter for at studenten kan ta munnleg etterprøving.
Ny eksamen
Kandidaten arbeider vidare med opphavleg oppgåve.
Ved forbetring av karakter må heile emnet takast opp att.