Hopp til innhald

RP5-401 Rusproblematikk - samansette utfordringar

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet Rusproblematikk - samansette utfordringar gir med bakgrunn i forskingsbasert kunnskap innsikt i komplekse samanhengar som rusutfordringar inngår i. Sentrale tema er rusmiddelvanskar i eit familieperspektiv, rusbruk i kjønn- og livsløpsperspektiv, rusbruk i eit samfunnsperspektiv og  den samansette problematikken knytt til langvarig rusmiddelbruk. .  Studenten vil få kunnskap om komplekse livssituasjonar og sosiale - og helsemessige utfordringar for rusmiddelbrukarar. Dei ulike tema vert gjennomgått og diskutert med utgangspunkt i ulike faglege perspektiv.

Læringsutbytte

  • Forstå rusbruk og konsekvensane av rusbruk i eit samfunnsperspektiv

KUNNSKAPAR

Etter fullført emne har studenten

  • inngåande kunnskap om samanhengar mellom rusmiddelbruk og psykiske, somatiske og sosiale vanskar, og konsekvensar av desse
  • inngående kunnskap om sentrale trekk ved rusmiddelbruk til ulike grupper.
  • avansert kunnskap om sosialisering, tilhøyr og tryggleik relatert til rusmiddelbruk
  • inngåande kunnskap om arbeidsliv og meistring relatert til rusmiddelbruk
  • avansert kunnskap om kompleksiteten kring rusmiddelbruk og samansette utfordringar som langvarig rusmisbruk kan føre til

FERDIGHEITER

Etter fullført emne kan studenten

  • analysere ulike konsekvensar av rusmiddelbruk og kunne nytte relevante teoriar i sjølvstendig arbeid
  • Forstå rusbruk og konsekvensane av rusbruk i eit samfunnsperspektiv

GENERELL KOMPETANSE

Etter fullført emne

  • kan studenten med utgangspunkt i relevante teoriar, kritisk analysere rusmiddelbrukarar sitt hjelpebehov i eit heilskapsperspektiv og bidra til nytenking

Krav til forkunnskapar

Avslutta grunnutdanning på bachelornivå (minimum tre år) i helse- eller sosialfag. Andre med minimum treårig høgare utdanning med relevant fagsamansetning kan etter vurdering bli tatt opp.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, diskusjonar, seminar, gruppeoppgåver, individuelle oppgåver, refleksjonsgrupper og sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgende obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:

 1: tilstades 80% i refleksjonsgrupper

 2: framlegg på seminar i grupper, 20 min. varigheit

Vurderingsform

Individuell heimeeksamen over 12 dagar.

Omfang: 3500 ord

Vurderingsutrykk A - F der F er ikkje greidd vurdering 

Ny eksamen

Kandidaten arbeider vidare med opphavleg oppgåve.

Ved forbetring av karakter må heile emnet takast opp att.