RP5-402 Rusproblematikk - rusarbeid og behandling
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Emnet presenterer ulike omgrep, forklaringsmodellar og behandlingsformer som er knytt til rusarbeid og behandling. Emnet har eit særleg fokus på brukarmedverknad og samhandling innan rusfeltet, og legg vekt på å sjå samanhengar mellom ulike forståingar av rusproblematikk, politiske føringar, institusjonelle rammer og utforming av praksis.
Læringsutbytte
KUNNSKAPAR
Etter avslutta emne har studenten
- inngåande kunnskap om politiske føringar for rusarbeid og behandling
- inngåande kunnskap om ulike former for behandling og rusarbeid
- avansert kunnskap om samarbeid og brukarmedverknad
FERDIGHEITER
Etter avslutta emne kan studenten
- anvende forsking til å kritisk analysere og vurdere tiltak og behandlingsformer på rusfeltet.
- bruke relevante metodar for fagleg utvikling på ein sjølvstendig måte
- medverke til brukarmedverknad og samhandling med ulike aktørar og forvaltningsnivå på rusfeltet.
GENERELL KOMPETANSE
Etter avslutta emne kan studenten
- analysere relevante rusfaglege problemstillingar knytt til rusarbeid og behandling
- analysere brukarforløp og føresetnader for samhandling i rusfeltet
- anvende sine kunnskaper og ferdigheiter til å kommunisere om rusfaglege problemstillingar og til å argumentere for iverksetting av behandlingsformer, tiltak og organisering i rusfeltet
- analysera, reflektere over og diskutere etiske problemstillingar.
Krav til forkunnskapar
Avslutta grunnutdanning på bachelornivå (minimum tre år) i helse- eller sosialfag. Andre med minimum treårig høgare utdanning med relevant fagsamansetning kan etter vurdering bli tatt opp.
Tilrådde forkunnskapar
Erfaring frå arbeid med rusproblematikk
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, gruppearbeid, praktiske øvingar, refleksjonsgrupper og sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studiet vert basert på obligatorisk deltaking i refleksjonsgrupper, med eit krav til 80% oppmøte.
Arbeidskravet er gyldig til emnet går ordinært neste semester.
Arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg til eksamen.
Vurderingsform
Individuell munnleg eksamen.
Vurderingsutrykk A- F der F er ikkje greidd vurdering
Ny eksamen:
Går føre seg som ordinær eksamen
Hjelpemiddel ved eksamen
Sjølvlaga power point-presentasjon
Meir om hjelpemiddel