SA546 Examen philosophicum
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Examen philosophicum skal gi studentane ei innføring i universitetet sine tenkje-, arbeids- og skrivemåtar. Vidare skal ex.phil. innvie studentane i akademisk kultur og danning, og gi filosofiske perspektiv på sentrale spørsmål i jussen. Emnet gir ei innføring i rettsfilosofi og andre filosofiske tema med særleg relevans for rettsvitskapen. I tillegg gir emnet ei innføring i språk- og argumentasjonsteori, med sikte på å fremje akademiske ideal om presisjon og stringens.
Læringsutbytte
Kunnskapar Ved fullført emne har studenten kjennskap til utvalde filosofiske emne som har relevans for rettsvitskapen, til dømes rettsfilosofi, etikk og politisk filosofi. I tillegg har studenten kjennskap til sentrale omgrep i språk- og argumentasjonsteori. Ferdigheiter og generell kompetanse Studenten meistrar: - bruk av filosofiske omgrep i analytisk og prinsipiell drøfting av problemstillingar i jussen - bruk av språk- og argumentasjonsteori på tekstar i det juridiske feltet - grunnleggjande normer for skriftleg og munnleg akademisk framstilling, som klårleik, sjølvstende og reieleg handsaming av kjelder.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, seminarsamlingar og arbeide i grupper.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studenten skal:
- ta del i minst 80% av seminarsamlingane
- gi ein munnleg presentasjon i seminaret
- levere eitt utkast til seminaroppgåve
- møte til ei individuell rettleiing om seminaroppgåva
- greie breiddetest
Arbeidskrav er gyldig i det påfølgande semesteret.
Vurderingsform
Mappevurdering. Vurderingsmappa skal bestå av ei seminaroppgåve der det vert gitt rettleiing undervegs, og ei mindre oppgåve der det ikkje vert gitt rettleiing. Tid for innlevering av oppgåvene til vurderingsmappa blir gitt på Studentweb og digitalt eksamenssystem.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd. Ved fastetting av karakter tel seminaroppgåva 2/3 og den mindre oppgåva 1/3.
Ved ny eksamen skal det leverast ei individuelt omarbeida vurderingsmappe.