Hopp til innhald

SA589 Komparativ politikk

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet gir ei innføring i samanliknande politikk med vekt på korleis statsmaktene er organisert i forhold til kvarandre, og samspelet mellom konstitusjonar, parlament og regjering. Undervisninga presenterer tema som partisystem og partifamiliar, val- og valsystem i ulike land, og variasjonar i bruken av folkeavstemmingar.

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter fullført emne:

  • har studenten kunnskap om korleis statsmakta er organisert og korleis dei ulike politiske institusjonane fungerer i forhold til kvarandre i ulike land
  • har studenten oversikt over ulike partisystem og partifamiliar, val og valordningar og bruken av folkeavstemmingar i ulike land

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal studenten kunne:

  • orientere seg i relevant statsvitskapleg faglitteratur om politiske institusjonar
  • gjennomføre enkle skriftlege, komparative analysar

Generell kompetanse

Etter fullført emne:

  • kan studenten gi ein individuell, skriftleg presentasjon av ei komparative, politisk problemstilling på grunnleggjande nivå
  • kjenner studenten til korleis politiske institusjonar i ulike land har utvikla nye løysingar i vår tid

Krav til forkunnskapar

Ingen ut over opptakskrav, sjå studieplanen.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, skriftleg arbeidskrav og sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Eitt skriftleg arbeid. Godkjent/ikkje godkjent.

Eit arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semester.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 4 timar.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel