Hopp til innhald

BS5-201 Kommunalt barnevern

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Målet med emnet er at studenten tileignar seg kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse som er relevant for arbeid i det kommunale barnevernet. Emnet er sett saman av faga barnevern- og sosialfagleg arbeid, juss og psykologi. Studentane skal i dette emnet ha tverrprofesjonell samarbeidslæring saman med barnehagelærarutdanninga.

Læringsutbytte

Kunnskap:
Studenten...

  • har kunnskap om samspel, tilknyting og resiliens og kan bruke desse perspektiva i arbeid med barn, unge og familiar
  • har kunnskap om kva konsekvensar det kan ha for barn å leve i utsette livssituasjonar, herunder situasjonar med vald eller overgrep
  • har kunnskap om barnevernsarbeid i etnisk og kulturelt mangfald
  • har kunnskap om rettsreglane for enkeltsaker etter lov om barnevernstenester og dei prinsippa lova byggjer på
  • har kunnskap om sakshandsaming etter lov om barnevernstenester
  • har kunnskap om barnevernstenesta sitt arbeid med plassering utanfor heimen, oppfylgjing og ettervern

Ferdigheiter:
Studenten...

  • kan analysere utviklingsstøttande samspel og samspelsvanskar mellom barn og foreldre
  • kan analysere og diskutere kva konsekvensar det kan ha for barn å leve i utsette livssituasjonar
  • har ferdigheiter i barnesamtalar med avdekkande fomål

Generell kompetanse:
Studenten...

  • kan utøve fagleg skjønn for å treffe og grunngje barnevernfaglege avgjerder etter lov om barnevernstenester og ut frå eit barneperspektiv

Krav til forkunnskapar

Alle emne fra første studieåret må være bestått før ein kan framstille seg til eksamen. Ein må ha opparbeidd seg eksamensrett i emnet BVP5-205 Kommunikasjonskompetanse, ungdom og marginalisering og emnet SOS5-204 Sosialt arbeid - normalitet og avvik.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Det vert nytta ulike undervisnings- og læringsformer i emnet som førelesingar, arbeid i grupper/oppgåveseminar med ferdigheitstrening og rettleiing.

Obligatorisk læringsaktivitet

Deltaking i 80 % av undervisninga som er direkte knytt til ferdighetstrening. Meir spesifisert informasjon om dette går fram av eige informasjonshefte for emnet.

Vurderingsform

Individuell munnleg eksamen. Det er forventa at studenten kan bruke relevant kunnskap frå tidlegare emne i studiet.

Vurderingsutrykk  
A til F, der F svarar til ikkje greidd.

Ny eksamen
Går føre seg som ved ordinær eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Lovlege hjelpemiddel til eksamen - lovsamling.

Meir om hjelpemiddel