GK303 Global kulturkunnskap
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Studentane får undervisning i global og landspesifikk kunnskap knytt til historie, politikk, økonomi, religion, kultur og utdanning. Interkulturell kommunikasjon knytt til kjønn og status i ulike samfunn vert vektlagt spesielt.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- skal ha kunnskap om Nord-Sør perspektiv og global og lokal dialektikk
- skal ha kunnskap om ulike typar samfunn og kulturar med særleg vekt på tradisjonelle og høgmoderne samfunn
Ferdigheiter
Studenten
- skal kjenne til andre mennesker sine strukturelle rammer, relasjonar og kommunikasjonsmønstre
- skal kunne utveksle synspunkt om sentrale kulturelle problemstillingar i eit Nord-Sør perspektiv
Generell kompetanse
Studenten
- skal kunne reflektere over globale perspektiv med særleg fokus på norsk og afrikansk kontekst
- skal ha innsikt i eigne og andre sine forståingshorisontar og verdssyn
Krav til forkunnskapar
60 studiepoeng høgare utdanning
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga vekslar mellom førelesingar, diskusjonar, gruppearbeid og student presentasjonar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Obligatorisk deltaking i all undervisning
- Studenten skal ha minst ein presentasjon på engelsk
Vurderingsform
Individuell munnleg eksamen. Bokstavkarakter A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel