SK170 Rettleia praksis i sjukeheim
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Kliniske studium relaterte til pasientar som mottek sjukepleie i sjukeheim og deira pårørande.
Læringsutbytte
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte:
Kunnskap:
Studenten
- har kunnskap om forbetringsarbeid knytt til pasientar i sjukeheim
Ferdigheiter:
Studenten
- kan kartlegge grunnleggande behov, føreslå tiltak, følgje opp og evaluere sjukepleie til eldre pasientar
- kan utøve grunnleggande sjukepleie og grunngje handlingar med kunnskap frå mikrobiologi, anatomi, fysiologi, biokjemi og sjukdomslære
- kan dokumentere og formidle gjennomført sjukepleie munnleg og skriftleg i relevante dokumentasjonssystem
- kan bruke korrekte arbeidsstillingar og forflyttingsteknikk
- har grunnleggande ferdigheiter i medikamenthandtering og kan administrere medikament til primærpasient under rettleiing
- kan planlegge, prioritere og gjennomføre sjukepleie til den enkelte pasient sjølvstendig og i samarbeid med andre
- kan informere, rettleie og undervise pasientar, pårørande, studentar og medarbeidarar
- kan utøve sjukepleie i tråd med faget sitt verdigrunnlag: Kan syne respekt for pasienten sin autonomi og integritet, og legge det til grunn i kommunikasjon og utøving av sjukepleie
Generell kompetanse:
Studenten
- har eit reflektert forhold til eigne kunnskapar, haldningar og ferdigheiter og tek rettleiing
Krav til forkunnskapar
Emna SK199, eit av emna i SK160 og SK161, samt arbeidskrav i SK169 må vere greidd før start i emne SK170.
Undervisnings- og læringsformer
- Studentaktive læringsformer for å integrere og gjere seg nytte av kunnskap i praksis
- Erfaringslæring med refleksjon, rettleiing individuelt og i grupper
- Skriftleg arbeid
Obligatorisk læringsaktivitet
- Eit individuelt skriftleg arbeid
- Eit forbetringsarbeid i gruppe med framlegg for personalet
- Delta på seminardag med fokus på etisk refleksjon
- Delta på seminardag med fokus på sjukepleieplan
Vurderingsform
Rettleia praksis i sjukeheim. Greidd/ikkje greidd