BRL108 Reiseliv, natur og samfunn
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Studenten skal lære om hvordan forholdet mellom turisme, natur og samfunn har endra seg gjennom åra, om naturfilosofi og friluftslivsforvaltning. Tema vil være historiske endringar i korleis vi brukar og forheld oss til naturen i fritida, naturfilosofi, friluftslivspolitikk, friluftslova og allemannsretten. Studenten lærer òg om utfordringar knytt til forvaltning i eit samfunn der korleis me nyttar naturen er i stadig endring.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten skal ha:
- kjennskap til ulike filosofiske perspektiv knytt til forholdet mellom menneske og natur
- Kunnskap om historiske endringar i korleis vi brukar og forheld oss til naturen i fritida
- kunnskap om friluftsloven, allemannsretten og andre relevante lovverk knytt til friluftsliv.
- kjennskap til ulike forvaltningsorgan og ulike interessekonfliktar knytt til bruk av naturområder
Ferdigheiter
Studenten kan:
- anvende relevant lovverk inn mot problemstillingar knytt til forvaltnings- og fleirbrukskonfliktar i natur
- reflektere kritisk rundt problemstillingar knytt opp mot friluftslivsforvaltning
- reflektere rundt filosofiske problemstillingar knytt til vårt forhold til natur og friluftsliv som fenomen
- reflektere rundt korleis ulike natursyn verkar inn på oppfatningar og bruk av natur
Generell kompetanse
Studenten har:
- evne til refleksjon og kritisk tenking rundt korleis naturen vert nytta
- evne til å sette seg inn i relevant lovverk og nytte dette inn i mot aktuelle konfliktar knytt til ulik bruk av natur
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisningsformene i dette emnet vil i stor grad vera teoribaserte i form av førelesningar, studentpresentasjonar, gruppearbeid og individuelt arbeid.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Eitt skriftleg arbeidskrav i naturfilosofi
- Eitt skriftleg arbeidskrav i forvaltning
Begge arbeidskrava må vera godkjent for å kunne gå opp til eksamen i emnet.
Vurderingsform
Heimeeksamen, 3 dagar.
Gradert karakter (A - F).
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel