Hopp til innhald

BØA116 Marknadsføring

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet skal gi studentane forståing for filosofien bak moderne marknadsføring og kjennskap til dei viktigaste verkemidla ein nyttar i marknadsføring. Gjennom teori og praktiske case-oppgåver vert kunnskapen utdjupa og praktisert. 

Innhald:

  • Marknadsføring som omgrep og fagområde
  • Kjøpsåtferd
  • Segmentering
  • Marknadskommunikasjon
  • Produkt og produktutvikling
  • Prispolitikk
  • Distribusjon
  • Marknadsplanlegging
  • Marknadsundersøking (metode)
  • Juridiske rammevilkår
  • Digital marknadsføring
  • Bærekraft
  • Internasjonal marknadsføring

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten har:

  • brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar knytt til korleis organisasjonar;
    • planlegg, organiserer og kontrollerer sitt marknadstilbod
    • analyserer marknaden og forbrukaråtferda
    • finn målgrupper og posisjonera seg
    • kan tilpasse og nytte ulike konkurranseverkemiddel 
  • kunnskap om dagsaktuelle og gryande forsking og problemstillingar som er relevante for marknadsføringsfaget
  • kunnskap om marknadsføringsfaget sin historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • analysere og drøfte praktiske problemstillingar i lys av teoriar og modellar i marknadsføringslitteraturen og ta grunngjevne val
  • kunne finne, vurdere og vise til relevant informasjon og fagstoff og framstille dette i lys av ei problemstilling
  • kan beherske faglege verktøy og teknikkar

Generell kompetanse

Studenten:

  • har evne til kritisk refleksjon rundt bruk av teoriar og modellar for å meistre utfordringar som marknadsførarar står over for
  • kan formidle og drøfte marknadsføringsteori, -modellar og -analysar både skriftleg og munnleg
  • kan gjere sjølvstendige refleksjonar kring etiske, miljømessige og juridiske utfordringar knytt til sentrale problemstillingar innanfor marknadsføring
  • kjenner til nyskaping og innovasjonsprosessar frå eit marknadsføringsperspektiv

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, sjølvstudium, gruppearbeid, diskusjonar og små case som skal løysast i forelesinga.

Obligatorisk læringsaktivitet

To arbeidskrav, der eitt er ei innleveringsoppgåve og det andre er i form av munnleg presentasjon eller deltaking på ei øving eller gjesteforelesing

Vurderingsform

Individuell digital fleirvalseksamen (skuleeksamen) (tel 33%).

Heimeeksamen over 48 timar i grupper på 3 til 4 personar (tel 67%).

Begge eksamenane må vere bestått for å få fullført emne.

Studentar som stryk til eksamen i ein av delane, går opp att til eksamen i berre denne delen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Individuell digital fleirvalseksamen: Ingen

Heimeeksamen: Alle

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ØKB1105 - Marknadsføring - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • EVA-ØKB1105 - Marknadsføring - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • SA063 - Marknadsføring - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • SA089 - Marknadsføring 1 - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • ØKB055 - Marketing - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • ØKB023 - Marknadsføring - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • ØKB1023 - Marketing - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØKB1002 - Marketing - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØAO002 - Marknadsføring I - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • LOØØ06 - Markedsføring I - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • MF6-1000 - Marknadsføring - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • MF6-1001 - Marknadsføring og salg for eiendomsmeglere - Reduksjon: 5,5 studiepoeng
  • OR6-102 - Marknadsføring - Reduksjon: 5,5 studiepoeng
  • MAR801 - Marknadsføring - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • FØS8107 - Digital marknadsføring - Reduksjon: 7,5 studiepoeng