ELDHELS008 Demens og alderspsykiatri
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Emnet er bygt opp om tema som samla famner dei utfordringar fagfeltet står ovanfor; førebygge, diagnostisere og behandle demens og psykiske lidingar som opptrer i høg alder. For å kunne yte tenester til desse pasientgruppene må ein ha spesiell kompetanse innan fagområda psykiatri, geriatri og gerontologi. Det vert sett fokus på juridiske og etiske utfordringar. Samarbeid mellom pårørande og hjelpeapparatet står sentralt. Emnet set søkelys på organisering av alderspsykiatriske tilbod i første- og andrelinjeteneste.
Læringsutbytte
Etter fullført emne har studenten følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten har
- Inngåande kunnskap om demens og alderspsykiatriske sjukdommar , deira uttrykksformer og følgjetilstandar
- Omfattande kunnskap om ulike miljø- og kommunikasjonstiltak for eldre med demens og alderspsykiatrisk sjukdom, herunder kommunikasjonsutfordringar
- Avansert kunnskap i medikamentell behandling til eldre med demens og alderspsykiatrisk sjukdom
- Inngående kunnskap om mestringsstrategiar hos pasientgruppa og deira pårørende
- Inngåande kunnskap om politiske føringar, samhandling og organisering av tenestene til personer med demens og deira pårørande
Ferdigheiter
Studenten kan
- Søkje og kritisk vurdere kunnskap om personar med demens og alderspsykiatrisk sjukdom
- Kartlegge, planlegge, gjennomføre og evaluere aktuelle tverrfaglege tiltak på ein sjølvstendig måte i samarbeid med pasient og pårørande
Generell kompetanse
Studenten kan
- Formidle, kommunisere og anvende sin kunnskap innan fagområdet demens og psykiske lidingar hos eldre
- Bidra til nytenking og innovasjon i fagområdet
- Identifisere og analysere faglege og etiske utfordringar knytt til klinisk praksis og organisasjonsmessige utfordringar på fagfeltet
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, seminar, simulering, sjølvstudium og gruppearbeid. På fellessamlingane vert det lagt opp til at studentane har korte framlegg for kvarandre med utgangspunkt i eigen praksis og arbeidskrav.
Undervisning for studentar med opptak i Haugesund vil primært vere både på Campus i Haugesund.
Undervisning for studentar med opptak i Førde vil primært vere på Campus i Førde.
Utvalde førelesingar kan bli videooverført.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læingsaktiviteter må være godkjent for at studenten kan fremstille seg til eksamen:
Arbeidskrav 1: Nærvær i 80 % studentaktiv- og erfaringsbasert undervisning
Arbeidskrav 2: Individuell innleveringsoppgåve, maks 500 ord
Arbeidskrav 3: Innlevering gruppeoppgåve med obligatorisk munnleg framlegg, medstudentrespons og tilbakemelding frå lærar, maks 2500 ord.
Vurderingsform
Individuell heimeoppgåve
Omfang: 4000 ord
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel