ID3-212 Humanfysiologi og treningslære
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Humanfysiologi og cellebiologi tek føre seg oppbygging og funksjonar til cella, ulike organ og organsystem, eksempelvis respirasjonssystemet, sirkulasjonssystemet, nervesystemet, energifrigjeringa, stoffskiftet og det endokrine systemet.
Treningslære tek føre seg planlegging, gjennomføring og testing av styrke- og uthaldstrening. Vidare tek det for seg bestemmande faktorar for styrke og uthald samt fysiologiske endringar som følgje av trening i ulike vev og vevsystem, eksempelvis muskel- og skjelettsystemet, nervesystemet, sirkulasjonssystemet og respirasjonssystemet.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har brei kunnskap om cellebiologi, humanfysiologi, treningslære
- har brei forståing for faktorar som er viktige ved uthaldstrening samt fysiologiske adaptasjonar til uthaldstrening
- har brei forståing for faktorar som er viktig for styrketrening samt fysiologiske adaptasjonar til styrketrening
- kan diskutere sentrale problemstillingar innan forskning knytt til styrke- og uthaldstrening
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte fagleg kunnskap til å planlegge og tilpasse trening til ulike individ og til ulike treningsmål
- kan gjennomføre relevant testing tilpassa ulike individ og ulike treningsmål
Generell kompetanse
Studenten
- har innsikt i relevante problemstillingar innan emnet
- kan nytte fagleg kunnskap til å utarbeide treningsplanar og øktplanar for friske personar
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er teoretisk og praktisk innretta med førelesningar og individuelt arbeid, samt obligatoriske læringsaktivitetar knytt til gruppearbeid, studentpresentasjonar, laboratorieøvingar og praktiske øvingar for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen.
Obligatorisk læringsaktivitet
For å ha rett til å ta eksamen må alle arbeidskrava vera godkjent. Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar som gruppeframlegging og praktiske timar (for eksempel laboratorieøvingar og uthaldstrening). Disse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytte om ferdigheit til å kunne gjennomføre testing tilpassa ulike individ samt ha kompetanse til å utarbeide treningsplanar for friske individ.
- To godkjende skriftlege arbeidskrav, eit innan styrke og eit innan uthald
Vurderingsform
Skriftleg individuell eksamen Tid: Fire timar. Vekting 50%.
Skriftleg individuell eksamen Tid: Fire timar Vekting 50 %.
Karakterskala A-F, der F er ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel