Hopp til innhald

ID3-223 Fysisk aktivitet i eit livsløpsperspektiv

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet har gjennom teori og praktisk aktivitet fokus på fysisk aktivitet i eit livsløpsperspektiv.

Hovudinnhald vil vere:

Barn og unge:  

  • Vekst, utvikling og fysisk yteevne hjå barn og unge
  • Tidleg spesialisering og allsidig fysisk aktivitet/trening for barn og unge
  • Intervensjonar med fysisk aktivitet i barnehage og skule
  • Testing av barn og unge
  • Fysisk aktivitet som førebyggande tiltak for risikofaktorar for hjarte- og karsjukdommar hjå barn og unge

Vaksne: 

  • Individuell punktpraksis med treningsrettleiing for vaksne

Eldre:

  • Alderdomsprosessar hjå eldre
  • Intervensjonar med fysisk aktivitet for eldre
  • Testing av eldre
  • Tilretteleggjing og gjennomføring av trening av eldre

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har brei kunnskap om korleis fysisk aktivitet påverkar barn, unge og eldre si helse i eit førebyggjande og helsefremmande perspektiv
  • har brei kunnskap om korleis teste barn, unge og eldre i ulike former for fysisk aktivitet som uthald og styrke
  • har brei kunnskap om korleis evaluere fysisk aktivitet hjå barn, unge og eldre
  • har brei kunnskap om intervensjonar som nyttar fysisk aktivitet for barn, unge og eldre

Ferdigheiter 

Studenten

  • kan anvende teoretisk kunnskap i høve planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing av fysisk aktivitet og trening for barn, unge, vaksne og eldre

Generell kompetanse

Studenten

  • kan leggje til rette for fysisk aktivitet for barn, unge, vaksne og eldre
  • kan formidle forsking og fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg

Krav til forkunnskapar

Fullført første år av bachelorgraden Idrett, fysisk aktivitet og helse, årsstudium idrett, PT eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er teoretisk og praktisk innretta med førelesningar og individuelt arbeid, samt obligatoriske læringsaktivitetar knytt til gruppearbeid, praktiske økter, praksis og studentpresentasjonar for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen.

Det er delvis lagt opp til førelesingar som blir avslutta med oppgåver som studentane presenterer i plenum. Undervisningsopplegget føreset at studentane førebur seg til undervisning og arbeider med stoffet mellom førelesingane. Emnet har punktpraksis (ca. 20 arbeidstimar) med individuell treningsrettleiing.

Obligatorisk læringsaktivitet

For å ha rett til å ta eksamen må alle arbeidskrava vera godkjent. Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar som gruppeframlegging, praktiske timar og praksis. Disse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytta om korleis fysisk aktivitet påverkar barn, unge og eldre si helse i eit førebyggjande og helsefremmande perspektiv og korleis leggje til rette for fysisk aktivitet for barn, unge, vaksne og eldre.

  • Godkjent praksis og praksisrapport
  • Eit godkjent skriftleg individuelt arbeidskrav

Vurderingsform

Individuell heimeeksamen. Tid: Seks dagar. Gradert karakter (A-F).