Hopp til innhald

MGUMA302 Matematikk 2, emne 1 - Perspektiv på matematikkfaget

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet MGUMA302 (GLU 5-10) vert samkøyrt med emnet MGBMA302 (GLU 1-7).

I Matematikk 2 fordjupar studentane seg i nokre av dei matematikkdidaktiske og matematikkfaglege temaa frå Matematikk 1. Fokus er her meir konsentrert og forskingsretta enn i Matematikk 1.

Matematikk 2 er delt opp i følgande emne:

  • Emne 1: Perspektiv på matematikkfaget (15 studiepoeng)
  • Emne 2: Problemløysing og handlingskompetanse i matematikk (15 studiepoeng)

Denne planen omtalar emne 1.

Til saman dekker emne 1 og 2 læringsutbyttet for Matematikk 2 skildra i dei Nasjonale retningslinjene for Grunnskulelærarutdanninga 5-10.

Emne 1 har fokus på tre sentrale perspektiv knytt til matematikkfaget.

  • Matematikk som allmenndannande fag og matematikk i samspel med andre fag, naturfag, filosofi og samfunnsutvikling.
  • Matematikkfagets betydning for utvikling av elevars kritiske demokratiske kompetanse.
  • Tilpassa opplæring.

Matematikkfaglege tema i emne 1 er statistikk og matematisk analyse, men kan også hentast frå algebra, geometri, vektorrekning og lineær algebra. Gjennom arbeidet med emnet skal studenten få innsikt i sentrale omgrep innanfor desse temaa. Studenten vil arbeide med argumentasjon og bevis i matematikk knytt til relevante matematiske emne i skulen. I emnet skal studentane studere matematiske modellars rolle og bruk i eit fagleg prosess- og danningsrelatert perspektiv. Studentane skal studere nyare matematikkdidaktisk forsking knytt til temaet, og dei skal utvikle ferdigheiter og kompetanse i å vurdere læring og i å legge til rette for tilpassa opplæring for alle elevar.

Læringsutbytte

 Ved fullført emne skal studenten ha følgande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten har

  • kunnskap knytt til ulike matematiske bevis- og argumentasjonsformer og om matematisk teoribygging og algebraisk tenking samt kunnskap om interaksjonsmønster, kommunikasjon og språkets rolle for læring av matematikk
  • kunnskap om matematisk modellering
  • kunnskap om grunnleggande omgrep og metodar som er aktuelle for matematikkdidaktisk forsking 

Ferdigheiter

Studenten kan

  • bruke digitale verktøy til illustrasjon, simuleringar og berekningar knytt til matematiske modellar
  • gjennomføre enkle kvantitative undersøkingar
  • formidle spesialkunnskap innan eit utvalt matematikkdidaktisk og/eller matematikkfaglig emne
  • vurdere elevars læring i faget som grunnlag for tilrettelegging av undervisning og tilpassa opplæring
  • arbeide teoriforankra og systematisk med matematikkvanskar og opplæring tilpassa elevar som har matematikkvanskar

Generell kompetanse

Studenten har

  • forståing for matematikk som allmenndannande fag og matematikkfagets betydning i samspel med andre fag, kultur, filosofi og samfunnsutvikling
  • forståing for matematikkfagets betydning i utvikling av kritisk demokratisk kompetanse

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Matematikk 1.

Undervisnings- og læringsformer

Detaljar i samband med organisering av undervisning i emnet vil kome fram i semesterplanen som blir utdelt ved emnets start.

Gjennom studiet skal studentane få erfaring med arbeidsformer som er relevante i grunnskulen, og som skal gi grunnlag for diskusjonar om skulens arbeidsformer.

Det blir brukt forelesningar, diskusjonar, presentasjonar, gruppearbeid og individuelt arbeid.

Delar av pensum er sjølvstudium, og det er anbefalt at lærestoffet vert bearbeidd i kollokviegrupper. Rettleiing inngår som ein naturleg del i dei fleste aktivitetane.

Obligatorisk læringsaktivitet

Tre arbeidskrav for studenter som tar dette emnet som del av Fag 1:

  • 2 arbeidskrav knytt til emnets matematikkfaglege og didaktiske tema.
  • 1 arbeidskrav knytt til praksis. Det skal leverast ein skriftleg rapport.
  • Eitt av arbeidskrava skal knytast til temaet profesjonsfagleg digital kompetanse i eit samfunnsperspektiv.

Ytterlegare presiseringar knytt til om arbeidskrava er individuelle eller i gruppe, og om dei er skriftlege eller munnlege går fram av semesterplanen.

Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knyttast til fagovergripande tema slik de står i studieprogramplanen.

Noen av undervisningsøktene vil være obligatoriske. Hvilke økter dette er snakk om vil framkomme i semesterplanen som utdeles ved semesterstart.

Alle arbeidskrava må vere godkjente av faglærar før studenten kan ta eksamen. Godkjente arbeidskrav er gyldige i dei to påfølgjande semestera etter godkjenning. Viss et arbeidskrav blir vurdert som ikkje godkjent, skal det gjevast skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikke får godkjent eitt eller fleire arbeidskrav får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativt arbeidskrav gitt av faglærer. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester til gitte fristar.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 5 timar.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Informasjon om tillatne hjelpemiddel vert gitt av emneansvarleg faglærer. 

Meir om hjelpemiddel