MGUNO503 Norsk 3, emne 3 - Prosjektførebuande emne
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Dette er eitt av fire masteremne i norsk. Det er plassert om våren fjerde år. Emnet er felles for GLU 1-7 og GLU 5-10. For GLU 1-7 er også begynnaropplæring relevant. Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.
Emnet skal sikre den vitskaplege forankringa av studenten sitt eige masterprosjekt. I emnet skal studenten utvikle ei reflektert forståing av vitskapsteori, metodologi og akademiske skrivekonvensjonar på det norskdidaktiske og humanistiske feltet. Emnet skal setje studenten i stand til å vurdere og delta i forskings- og utviklingsarbeid knytt til norsk språk og litteratur, norskdidaktikk og profesjonsutøvinga i faget.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbyte:
Kunnskapar
Studenten
- har avansert kunnskap om vitskapsteoretiske tema med relevans for det norskdidaktiske feltet og profesjonsutøvinga av faget
- har avansert kunnskap om relevante forskingsmetodar
- har inngåande kunnskap om forskingsetiske spørsmål
- har inngåande kunnskap om sentrale problemstillingar, forskingstradisjonar og skrivekonvensjonar på det norskdidaktiske og humanistiske feltet
Ferdigheiter
Studenten
- kan utarbeide og grunngje design for eige forskingsprosjekt (masteroppgåva)
- kan kritisk vurdere og drøfte ulike vitskapsteoretiske retningar og syn, både opp mot eige forskingsprosjekt og profesjonsutøvinga av faget
- kan analysere og drøfte akademiske tekstar frå nasjonal og internasjonal forsking med vekt på metodologi, relevans, argumentasjon og skrivestil
- kan vurdere og reflektere over forskingsetiske sider ved eige prosjektdesign og vise denne innsikta på ein transparent måte
- kan planlegge og gjennomføre undervisning som gjev elevar innsikt i kva vitskapleg kunnskap er, og korleis slik kunnskap blir utvikla og formidla
Generell kompetanse
Studenten
- kan med forankring i teori vurdere og bidra til å utvikle norskfaget og norskundervisninga
- kan bidra til formidling og utvikling av forskingsbasert kunnskap på arbeidsplassen
- kan utøve forskingsetisk og yrkesetisk skjønn
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Norsk 1 og 2 (60 sp) i syklus 1, og Norsk 3 emne 1 og 2 (30 sp) i syklus 2, eller tilgrensande.
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga skjer i form av forelesingar og seminar. Ein føreset at studentane arbeider sjølvstendig, stiller godt førebudde til undervisning og deltek aktivt undervegs i studiet. Ein forventar at studentane organiserer kollokviegrupper.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Halde eit seminarinnlegg (munnleg) om ein norskfagleg metode
- Skrive ein tekst der studenten drøftar prosjektskildringa si i lys av vitskapsteori og kommenterer ein medstudent sitt framlegg (skriftleg)
Presisering av formelle krav vert delt ut ved semesterstart.
Alle obligatoriske arbeidskrav må vere utført og godkjent for at studenten skal kunne melde seg opp til eksamen. Studentar som ikkje har godkjent eit obligatorisk arbeidskrav får eitt (1) nytt leveringsforsøk same semester, innan ein frist sett av faglærar.
Godkjent arbeidskrav er gyldig i det påfølgande semesteret etter godkjenninga.
Vurderingsform
Prosjektskildring for masteroppgåva etter oppsette kriterium. Det blir gitt rettleiing i arbeidet med prosjektskildringa.
Språk: norsk, valfritt skriftspråk
Karakterskala: A-F, der F er ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel