Hopp til innhald

PPUY306 Skulen i samfunnet - leiing av lærings- og utviklingsarbeid i eit organisasjons- og samfunnsperspektiv

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Hovudtema i emnet er skulen i eit organisasjons- og samfunnsperspektiv og pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid. Eit sentralt område er difor samarbeid med føresette, nærmiljø, nærings- og arbeidsliv og andre relevante instansar i og utanfor skolen. Det vert lagt vekt på heilskap og samanheng i studiet gjennom integrering av fag, pedagogikk, fagdidaktikk og praksis. Eit berande element i gjennomføringa av emnet er studenten som forskar i eigen yrkesfagleg og yrkesdidaktisk praksis.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om gjeldande lovverk og styringsdokument som er relevante for profesjons- og yrkesutøvelsen
  • har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjonar, herunder kunnskap om vold og seksuelle overgrep mot barn og unge, om deira rettar i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv, og om korleis sette i gang nødvendige tiltak etter gjeldande lovverk
  • kjenner til nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid med relevans for lærarprofesjonen innanfor det yrkespedagogiske og det yrkesfaglege området, og kan oppdatere kunnskapen sin innanfor fagområdet

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan planleggje, begrunne, gjennomføre, leie, vurdere og dokumentere relevant fag- og yrkesopplæring tilpassa elevane/lærlingane sine behov
  • kan orientere seg i faglitteraturen og forhalda seg kritisk til informasjonskjelder og eksisterande teoriar knytt til ungdomstrinnet og fag- og yrkesopplæring (8-13.trinn)
  • kan bruke og vise til relevante forskningsresultat for å treffe grunngjevne val og gjennomføre systematisk yrkesfagleg og pedagogisk utviklingsarbeid
  • kan identifisere særskilde behov hjå barn og unge, inkludert identifisere teikn på vald eller seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglege vurderingar skal studenten kunne etablere samarbeid med aktuelle tverrfaglege og tverretatlege samarbeidspartnarar til barnet sitt beste

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan analysere eigne behov for kompetanseheving og ha endrings- og utviklingskompetanse for å møte framtida sitt behov i skole, arbeids- og samfunnsliv
  • kan legge til rette for entreprenørskap, nytenking og innovasjon, og at lokalt arbeids-, samfunns- og kulturliv vert involvert i opplæringa
  • kan bygge gode relasjonar til og samarbeide med føresette og andre aktuelle samarbeidspartnarar

I tillegg legg PPU-Y ved HVL vekt på følgjande utbytebeskrivingar

  • Studenten kan sjå yrkesopplæringa og yrkesutøvinga i eit historisk, kulturelt, notidig og framtidsperspektiv
  • Studenten kan vurdere og kombinere metodiske verktøy på ein nyttig måte for å ha ei forskande tilnærming til utvikling av eigen praksis

Krav til forkunnskapar

PPUY305

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vert organisert gjennom førelesingar, gruppearbeid, praksisobservasjon, problembasert arbeid, undersøkande forskings- og utviklingsretta læringsarbeid, prosjektarbeid, seminar med presentasjonar, prosessorientert oppgåveskriving, rettleiing, medstudentrespons med meir.

Studentane vert inviterte til ei kontinuerleg vurdering av studieopplegget gjennom systematisk erfaringsutveksling med lærarar og medstudentar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane skal gjennomføre og bestå 3 arbeidskrav i emnet:

  • Arbeidskrav 1 er ein feltrapport i samband med ungdomsskolepraksisen med medstudenvurdering.
  • Arbeidskrav 2 er utforming av prosjektskildring knytt til yrkesdidaktisk prosjektpraksis.
  • Arbeidskrav 3 er obligatorisk oppmøte på samlingane.

Vurderingsform

  • Del 1: FoU-oppgåve. Tel 40 % av endeleg karakter. 
  • Del 2: Munnleg eksamen. Tel 60 % av endeleg karakter.

Karakterskala: A-F, der F er ikkje bestått.

Begge delar må vere bestått for å få karakter i emnet.

Ny/utsett eksamen: Skriftleg skuleeksamen, 6 timar.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel