Hopp til innhald

PPUY307 Praksis 1

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Studieprogrammet følgjer dei læringsutbytebeskrivingane som til ei kvar tid er gjeldande gjennom utdanninga si forskrift til rammeplan og dei nasjonale retningslinene.

Nærmare beskriving av progresjon og organisering av læringsutbytebeskrivingane er spesifisert i emneplanane.

Praksis i emnet er på tilsammen 30 dager og avvikles hovedsaklig i vidaregående skole, yrkesfag.

Læringsutbytte

Alle læringsutbyta frå rammeplanen og dei nasjonale retningslinene vert handsama i emnet, men det vert lagt særs vekt på desse:

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan bruke sin yrkeskompetanse, og planlegge, begrunne, leie og dokumentere relevant yrkesopplæring som er tilpassa eleven/lærlingen sitt behov og yrkesinteresser, med tanke på å fullføre yrkesutdanninga
  • kan leie opplæring der elevar/lærlingar deltek i planlegging, gjennomføring og vurderingsarbeid
  • kan leie læreprosessar som fremjer praktisk, differensiert og tilpassa opplæring på mangfaldige, teknologirike og fleirkulturelle læringsarenaer 
  • kan byggje gode relasjonar og tilpasse opplæringa til eleven/lærlingen sine interesser, behov og utdanningsplanar
  • kan gjennomføre vurderingsarbeid i samsvar med forskrifter, nyare forsking og utviklingsarbeid på feltet
  • kan bruke relevante digitale læremiddel i opplæringa.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studenten skal gjennomføre observasjonar, ha ansvar for planlegging og gjennomføring av undervising og vurdering i samarbeid med praksisrettleiar. Nærmare forklaringar knytt til gjennomføring av praksis vert spesifisert i studieheftet frå studiestaden.

Obligatorisk læringsaktivitet

I emnet inngår to obligatoriske oppgåver:

  1. Studenten skal levere politiattest
  2. Studenten skal saman med praksislærar utarbeide ein plan for praksis

Ved ikkje beståtte arbeidskrav i PPUY305, inkl. oppmøte på samlingane, må ein søke studiekoordinator/emneansvarleg spesielt om å kunne få gjennomføre praksis.

Vurderingsform

Praksis, 30 dagar.

Karakterskala: Bestått/ikkje bestått.