RE6-1000 Reiselivskunnskap
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
I dette emnet skal studentane lære grunnleggande teori, definisjonar og omgrep innanfor reiselivet. Dei skal få ei forståing for reiselivshistorie og reiselivsnæringa i dag . Vidare skal studentane lære om formål med reisa og marknaden, om det heilskapelege reiselivsproduktet og berekraftig reiseliv, service og opplevingar, reiseliv og miljø, ulike reisemønster og aktørane i reiselivsnæringa samt makroøkonomiske forhold som påverkar reiselivsnæringa.
Studentane får og tilbod om ekskursjon til Flåm og Lærdal i dette emnet.
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
- om reiselivet si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet.
- om sentrale omgrep og definisjonar i reiselivet.
- om utviklingstrekk og trendar i reiselivet.
- om korleis det heilskaplege reiselivsproduktet er sett saman
- om ulike formål med reisa og marknaden
- reiseliv, berekraft og miljø.
- korleis makroøkonomiske forhold påverkar reiselivet.
Ferdigheiter:
- at studenten kan nytte relevant informasjon til å lage ei produkt/markedsmatrise
- at studenten kan presentere korleis det heilskaplege reiselivsproduktet er sett saman.
- at studenten kan reflektere over kva makroøkonomiske forhold påverkar reiselivet og korleis.
- at studenten kan vurdere kva som er formål med reisa til ulike målgrupper.
- at studenten kan presentere ulike dilemma innan reiseliv og miljø og gjere greie for kva kjenneteiknar berekraftig reiseliv.
Generell kompetanse:
- at studenten kan finne relevante problemstillingar innan reiselivet.
Krav til forkunnskapar
Ingen ut over opptakskrav, sjå studieplanen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, gruppearbeid, sjølvstudium, seminar og gjesteførelesingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Det er 2 arbeidskrav i dette emnet: .
1) Skriftleg/digital individuell oppgave.
2) Skriftleg individuell oppgave.
Begge arbeidskrav må vere bestått for å ta eksamen
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.
Bokstavkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel