Hopp til innhald

GE491 Bacheloroppgåve i geologi

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Oppgåva skal veljast i samarbeid med faglærer, og vil normalt bli knytt opp mot oppdrag og forskingsprosjekt som instituttet er engasjert i, eller formulert i samarbeid med ekstern samarbeidspartner.

Læringsutbytte

Kunnskap

  • Studenten skal kunne innsamle og tolke data og presentere og diskutere resultantane i en skriftlig rapport.
  • Studenten skal ha kunnskap om kva som kjenneteiknar ei vitskapleg kjelde.

 

Ferdigheiter

  • Studenten skal kunne gjennomføre eit sjølvstendig prosjektarbeid
  • Studenten skal kunne gjennomføre innsamling av datamateriale
  • Studenten skal kunne gjennomføre syntese-/analysearbeid
  • Studenten skal kunne presentere eit sjølvstendig arbeid skriftleg og munnleg ved hjelp av nødvendige teknikkar
  • Studenten skal kunne søkje fram kunnskapskjelder av høg kvalitet i nasjonale og internasjonale fagdatabasar
  • Studenten skal kunne meistre referansehandtering, siteringsteknikk og kjeldekritikk

Generell kompetanse

Etter gjennomført og godkjent bacheloroppgåve kan kandidaten gjere sjølvstendige utgreiingar med vurderingar av viktige geologiske problemstillingar. Kandidaten kan definere problemstilling og målsetting, gjere greie for metodar, finne fram til og bruke litteratur og kjelder på ein korrekt måte og er i stand til å gi ei balansert framstilling av temaet. Kandidaten veit korleis ein fagrapport skal byggast opp og presenterast, og kan formidle hovudtrekka i ein fagrapport på ein forståeleg måte (skriftleg og munnleg).

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Studenten bør ha greidd 90 studiepoeng av emna i bachelorstudiet i geologi og geofare eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Sjølvstendig studentarbeid med rettleiing av ein eller fleire faglærarar. Det er ønskjeleg at 2 - 3 studentar går saman om ei oppgåve.

Obligatorisk læringsaktivitet

Deltaking på bachelorseminar i januar

Munnleg gruppe presentasjon av oppgåve før innleveringsfristen.

Vurderingsform

Bacheloroppgåve

Bokstavkarakter A-F

Fagleg overlapping

  • GE491 - Bacheloroppgåve i anvendt geologi - Reduksjon: 20 studiepoeng