Hopp til innhald

MGBPP101 Profesjonsretta pedagogikk 1, emne 1 - Pedagogikk og pedagogiske handlingar

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Profesjonsretta pedagogikk har kjernen sin i spenningsfeltet mellom pedagogisk handling, pedagogikk og pedagogikkvitskap. Pedagogisk handling er forstått som gjennomføringa av undervisning, pedagogikk er forstått som refleksjons- og praksisteori om og for pedagogisk handling. Pedagogikkvitskap (emne 3) er grunnlaget for refleksjons- og praksisteori, og omfattar forsking og etiske vurderingar som grunngjev og forklarar handling. Emne 1 består av to deler: pedagogikk og pedagogisk handling.

Del 1 Pedagogikk tek opp følgande tema:

  • Pedagogikken si historie
  • teori for og om pedagogikk
  • pedagogiske forskingsomgrep

Denne delen tek opp grunnleggande omgrep brukt i og for pedagogikk. Ein studerer korleis pedagogisk kunnskap blir utvikla, kommunisert og brukt. Delemnet gir eit historisk og systematisk overblikk over pedagogiske tradisjonar, teoriar og modellar. Det blir synleggjort korleis pedagogikkspråket blir relevant for praksis. Delemnet legg vekt på korleis ulike didaktiske teoriar fungerer, og drøftar korleis didaktikk i eit undervisnings- og opplæringsperspektiv fungerer som profesjonskunnskap.

Del 2 Pedagogisk handling tek opp følgande tema:

  • pedagogiske formål og oppgåver
  • pedagogisk risiko
  • pedagogiske normer og verdiar
  • grunngjeving og forklaring på korleis vi forstår pedagogisk handling

I denne delen arbeider vi med spørsmål knytt til pedagogisk handling, det som skjer her og no i praksis. Kva ligg til grunn for ei pedagogisk handling, og kva skal til for at vi oppfattar handlinga som pedagogisk? Kva slags formål og oppgåver kan knytast til pedagogisk handling? Kva er det som kjenneteiknar skulen som ein pedagogisk og inkluderande institusjon? Delemnet tematiserer problem og utfordringar med pedagogiske handlingar som er normative og føreskrivande. Delen tek også opp forholdet mellom å planlegge undervising og samstundes vere open for situasjonar som ikkje kan planleggast, og som det er knytt risiko til.

Læringsutbytte

Ved fullført studium skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:

 Kunnskap 

Studenten skal ha kunnskap og forståing når det gjeld

  • legitimitet og grunngjeving for pedagogisk handling i ei mangfaldig elevgruppe
  • kva som karakteriserer skulen som pedagogisk, inkluderande institusjon
  • inngåande kunnskap om pedagogiske handlingar i skulen, både kva ein gjer og kva for normer som er knytt til handlinga
  • korleis pedagogikkhistoria har vore med på å forme moderne pedagogikk, spesifikt knytt til handlingsmål og -former
  • teoriar om det særeigne ved pedagogikken
  • moderne pedagogikk som teoretisk vitskapsdisiplin sett i historisk og internasjonalt perspektiv

Ferdigheiter

Studenten skal kunne bruke kunnskap til å

  • utvikle pedagogiske kommunikasjons- og handlingsformer i møte med ulike elevgrupper
  • vise korleis ulike formål og oppgåver supplerer og grip inn i kvarandre i pedagogiske handlingssituasjonar  
  • planlegge og gjennomføre pedagogiske handlingar som både har og ikkje har tydelege målformuleringar
  • bruke pedagogiske teoriar som grunnlag for refleksjon over eigen og andre sin praksis
  • bidra til å utvikle praksisteori i eit kollegafellesskap

Generell kompetanse

Studenten skal kunne bruke kunnskap og ferdigheiter når det gjeld

  • profesjonsetiske problemstillingar og si eiga rolle som pedagog i forhold til elever, kollegaer og leiing
  • det uføresette i læringssituasjonar som ein ressurs i arbeidet med elever
  • å analysere og vurdere eigen pedagogisk praksis på ein systematisk måte
  • teoriar som er deskriptive, analytiske og forklarande samanlikna med normativ pedagogikk
  • korleis kunnskap frå andre disiplinar spelar saman med pedagogikk

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Vestlandsklasse: Organisering av undervisninga i dette emnet vil vere felles for alle campus og utførast i ein kombinasjon av nettbasert undervisning gjennom Canvas, og fysiske samlingar. Der vil også vere noko undervisning på lokale campus. Undervisningsformer vil vere ein kombinasjon av forelesingar og studentaktive, både i storsamlingar og i mindre grupper, på nett og på ulike campusar og klasserom.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Delta på samlingar og nettbaserte læringsaktivitetar spesifisert i semesterplan (t.d. nettbasert kunnskapstest, logg-skriving, podcast).

Vurdering: Godkjend/ikkje godkjend.

Vurderingsform

Heimeeksamen, 3 dagar.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel