Hopp til innhald

SOS5-310 Modellar i sosialt arbeid - fagutvikling og forsking i sosialt arbeid

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Felles med bachelor i barnevern og vernepleie og får studentane undervisning i vitskapsteori, forskingsmetode og etikk. Denne delen inneheld kunnskap om sentrale vitskapsfilosofiske tilnærminger og metodar for innsamling og analyse av data. Etikkfaget vektlegg etisk deliberasjon med utgangspunkt i moderne utgåver av klassiske posisjoner i normativ etisk teori. TPS (Tverrprofesjonell samarbeidslæring): Fleirfagleg samarbeid med Avdeling for lærerutdanning og Institutt for velferd og deltaking. Tema: Barn i utsette livssituasjoner

I den studiespesifikke delen vert forsking, teorigrunnlag og fagutvikling i sosialt arbeid vektlagd. Kritisk refleksjon er ein del av emnet. Førelesingar om ulike modellar i sosialt arbeid og teorigrunnlaget for dei ulike modellane vil bli belyst. Studentane får kunnskap om sosialt arbeid med grupper og oppsøkjande sosialt arbeid. Studentane skal arbeide med å reflektere over korleis ulike perspektiv påverkar val av arbeidsmåtar på individ-, gruppe- og samfunnsnivå. Studentane arbeider i grupper under rettleiing av fagtilsette. Artikkelseminar er ein del av innhaldet i emnet.

Læringsutbytte

Felles læringsutbytte for barnevern, sosialt arbeid og vernepleie

Etter gjennomført emne har/kan kandidaten:

Kunnskap:

  • Kunnskap om forskingsprosessen
  • Kjennskap til forskingsetiske retningslinjer
  • Kunnskap om vitskapsteoretiske problemstillingar og kunnskapsteoretiske tilnærminger

Ferdighet:

  • Kunne identifisere truslar mot etiske grunnverdiar, og reflektere over væremåtar i lys av sosialfagprofesjonens krav til framtoning og etisk forsvarleg handling

Generell kompetanse:

  • kan vurdere det metodiske grunnlaget i kvalitative og kvantitative forsking

Studiespsifikke læringsutbyte

Etter gjennomført emne har/kan kandidaten:

Kunnskap:

  • Kunnskap om ulike modellar i sosialt arbeid
  • Kjennskap til ulike teoretiske perspektiv, praksis og dilemma som kan oppstå i arbeidet med brukarar.
  • Kan forstå bruken av vitskapeleg kunnskap i sosialfagleg arbeid

Ferdighet:

  • Nytte modellar i arbeidet med brukarar, individ/gruppe/lokalsamfunn og kunne analysere sosiale problem med utgangspunkt i de ulike modellane.
  •  Kritisk reflektere over eigen faglege ståstad
  • Nytte kunnskap om forskingsprosessen og kunnskapsteoretiske tilnærmingar for å dokumentere og grunngje sosialfagleg arbeid
  • stille fagkritiske spørsmål til fagleg tekst og forskingsresultat

Generell kompetanse:

  • kan reflektere over det vitskaplege grunnlaget for utøving av sosialt arbeid og kunne  kritisk reflektere over eigen praksis.

Krav til forkunnskapar

Alle emne frå andre året og haustsemesteret tredje året må vere greidd før ein kan framstille seg til eksamen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesningar, studentaktive læringsformer, ferdigheitstrening, oppgåveskriving, seminar og gruppearbeid under rettleiing av fagtilsette.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:

1. Obligatorisk deltaking i sosialt arbeid med gruppe, oppsøkende sosialt arbeid og alle seminar 

2. Ei skriftleg gruppeoppgåve med munnleg framføring

3. Fleirfagleg samarbeid (TPS)

Obligatoriske læringsaktivitetar er gyldig dei 3 påfølgjande semester.

Vurderingsform

5 dagars heimeeksamen

Vurderingsutrykk: 

A - F der F er ikkje greidd vurdering

Ny eksamen:

Går føre seg som ordinær eksamen. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Lovsamling og ordliste

Meir om hjelpemiddel