Hopp til innhald

BARN100 Barnevernspedagogen sitt fag og yrkesfelt

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

I dette emnet vert studentane introdusert for barnevernspedagogen si yrkesrolle i samfunnet. Emnet omhandlar barnevernets historie, verdigrunnlag, organisering, rammer og samfunnsoppdrag. Studentane får møte barnevernspedagogar frå praksisfeltet og brukarar med erfaring frå barnevernet, gjennom brukarorganisasjonar. Vidare vert studentane tilbydt undervisning i FNs barnekonvensjon, og tydinga av barn sin rett til medverknad og deltaking. Studentane vil også få kunnskap om samars rettar og status som urfolk. Gjennom praktiske øvingar kan studentane tileigne seg kunnskap og økt medvit om eigen relasjonskompetanse i møte med andre.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten…

  • har kunnskap om barnevernets historie, ansvars- og oppgåvefordeling i velferdsforvaltninga.
  • har kjennskap til FNs barnekonvensjon..
  • har kjennskap til relevante fagdebattar i barnevernet..
  • har kunnskap om tydinga av barns deltaking og barns rettar.
  • har kunnskap om samars rettar som urfolk.
  • har kjennskap til tydinga av tverrfagleg, tverretatleg og tverrprofesjonelt samarbeid i barnevernet.
  • har kjennskap til barnevernspedagogens yrkesetiske grunnlagsdokument.
  • har kjennskap til omgrepa «Barns beste», omsorg og oppdraging, og kan beskrive kva som ligg i omgrepet. omsorgssvikt

Ferdigheiter:
Studenten …

  • kan reflektere over eiga samhandling i møte med andre.

Generell kompetanse:
Studenten …

  • har innsikt i barnevernspedagogen sitt samfunnsmandat, fag og yrkesfelt, og tenestetilbodet til utsatte barn, unge og deira familiar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings og læringsformer vekslar mellom førelesingar, seminar, ferdigheitstrening i kommunikasjon og relasjonsarbeid og rettleiing i basisgrupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktivitet må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. 80 % frammøte i studentaktiv- og erfaringsbasert undervisning  knytt til ; kurs i kommunikasjon og relasjon, jus, skrivekurs, seminar, basisgruppearbeid og møte med profesjonen og andre brukerorganisasjoner
  2. Eit refleksjonsnotat knytt til kurs i kommunikasjon - og relasjon. Omfang: 1000 ord (+/- 10%). Dersom refleksjonsnotatet ikkje blir godkjent kan studenten levere ei omarbeida utgåve.
  3. Innlevering av tekst til rettleiing i basisgrupper innan gitt frist. Teksten skal knytte seg til eksamensoppgåva og ha eit omfang 800 - 1000 ord

Godkjende læringsaktvitetar er gyldig i 3 semester.

Vurderingsform

Eksamen
Skriftleg individuell oppgåve. Omfang: 2500, +/- 10% Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.

Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A-F, der A til E er bestått karakter og F er ikkje bestått.

Ny eksamen
Ny eksamen blir gjennomført med same form som ordinær eksamen med ny oppgåve.

Dersom kandidaten får karakteren F ved ny eksamen, må eksamen gjennomførast på nytt ved neste ordinære eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BVP5-105 - Sosialpedagogisk introduksjon - Reduksjon: 7,5 studiepoeng