Hopp til innhald

BI435 Landskapsøkologi

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Kva er landskapsøkologi? Historisk bakgrunn. Landskapsstruktur og dynamikk. Analyse av romlege strukturar, t.d. heterogenitet, fragmentering og konnektivitet. Øybiogeografiteorien og metapopulasjonsomgrepet. Landskapsdynamikk og populasjonsdynamikk. Biodiversitet i landskapet og kvantifisering av dette mangfaldet. Fordjupningstema innanfor m.a. kulturlandskap og viltbiologi. Korleis nytte landskapsøkologien i landskapsplanlegging og -forvaltning.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten skal:

  • Forstå kva effekt romlege mønster har på økologiske prosessar hos dyr og planter.
  • Forstå korleis skala påverkar økologiske prosessar og vår forståing av desse.
  • Forstå korleis naturleg og menneskeskapt forstyrring påverkar mønster og dynamikk i landskapet, med særleg fokus på fragmentering.

Ferdigheiter

Studenten skal:

  • Ha evne til å analysere endringar i landskapet ved hjelp av enkle metrics.
  • Ha evne til å presentere vitskaplege artiklar og nytte kunnskapen frå desse i landskapsplanlegging.
  • Ha evne til å nytte GIS til kartlegging og analysar av endringar i landskapet.

Generell kompetanse

Studenten skal

  • Kunne overføre økologisk teori til praktisk forvaltning og planlegging av landskap.
  • Kunne forstå effekten av menneskeleg aktivitet i landskapet og kva effekt dette har på økologiske prosessar.

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav. 

Tilrådde forkunnskapar

Det er ei føremon med kunnskap i økologi og Geografiske informasjons system (GIS).

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, kollokviar, studentpresentasjonar av vitskaplege arbeid, prosjektoppgåve med bruk av GIS (grupper), ekskursjon.

Obligatorisk læringsaktivitet

Presentasjon av vitskapleg artikkel (gruppearbeid)

Vurderingsform

Skriftleg prosjektoppgåve i gruppe (30%) og individuell skriftleg skuleeksamen, 4 timar (70%)

Karakterskala: A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel