BI435 Landskapsøkologi
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Kva er landskapsøkologi? Historisk bakgrunn. Landskapsstruktur og dynamikk. Analyse av romlege strukturar, t.d. heterogenitet, fragmentering og konnektivitet. Øybiogeografiteorien og metapopulasjonsomgrepet. Landskapsdynamikk og populasjonsdynamikk. Biodiversitet i landskapet og kvantifisering av dette mangfaldet. Fordjupningstema innanfor m.a. kulturlandskap og viltbiologi. Korleis nytte landskapsøkologien i landskapsplanlegging og -forvaltning.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten skal:
- Forstå kva effekt romlege mønster har på økologiske prosessar hos dyr og planter.
- Forstå korleis skala påverkar økologiske prosessar og vår forståing av desse.
- Forstå korleis naturleg og menneskeskapt forstyrring påverkar mønster og dynamikk i landskapet, med særleg fokus på fragmentering.
Ferdigheiter
Studenten skal:
- Ha evne til å analysere endringar i landskapet ved hjelp av enkle metrics.
- Ha evne til å presentere vitskaplege artiklar og nytte kunnskapen frå desse i landskapsplanlegging.
- Ha evne til å nytte GIS til kartlegging og analysar av endringar i landskapet.
Generell kompetanse
Studenten skal
- Kunne overføre økologisk teori til praktisk forvaltning og planlegging av landskap.
- Kunne forstå effekten av menneskeleg aktivitet i landskapet og kva effekt dette har på økologiske prosessar.
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav.
Tilrådde forkunnskapar
Det er ei føremon med kunnskap i økologi og Geografiske informasjons system (GIS).
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, kollokviar, studentpresentasjonar av vitskaplege arbeid, prosjektoppgåve med bruk av GIS (grupper), ekskursjon.
Obligatorisk læringsaktivitet
Presentasjon av vitskapleg artikkel (gruppearbeid)
Godkjent prosjektoppgåve i gruppe (ekskursjon, GIS-lab, presentasjon av oppgåva og innlevering av skriftleg rapport)
Vurderingsform
Skriftleg prosjektoppgåve i gruppe på 3-4 studentar, 30 %
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar, 70%
Karakterskala: A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel