Hopp til innhald

GE486 Glasialgeologi

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Det vert gitt ei innføring i kvartærperioden (dei siste 2,588 mill. år), der vi ser på korleis isskjold og brear over heile verda byggjer seg opp og smeltar vekk som følgje av klimaendringar, og korleis landet og havnivået har endra seg. Vi ser på korleis brear verkar (glasiologi), og korleis dei endrar landskapet (glasialgeologi). Det vert gitt ein kort introduksjon til permafrost og andre geomorfologiske prosessar i kalde område.

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter fullført emne skal studentane:

  • forstå og kjenne til korleis landet og havet har endra seg gjennom kvartærperioden
  • ha god forståing og kunnskap om brear og ulike bretypar
  • ha god kjennskap til korleis breane har forma landet vårt
  • ha grunnleggjande kjennskap til permafrost og periglasiale prosessar

Ferdigheiter

Studentane kan:

  • utføre ein kvartærgeologisk kartlegging i felt og lage eit kvartærgeologisk kart
  • ta seg fram over ein bre

Generell kompetanse

  • Studentane skal kunne anvende kunnskap og forståing for glasiale og periglasiale landskapsformer samt sedimentære avsetningar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Emnet byggjer på:

GE-406 Geologi grunnkurs

GE-436 Sedimentologi

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, feltarbeid og ekskursjon

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Deltaking på ekskursjonar
  • Godkjende brekurs og journalar frå feltarbeid og ekskursjonar

Vurderingsform

Munnleg eksamen, 15 minuttar med 20 minuttar førebuing utan hjelpemiddel.

Karakterskala: A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel