ID3-305 Tilpassa fysisk aktivitet
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Undervisninga har fokus på korleis fysisk aktivitet kan bli brukt som førebygging og opptrening knytt til bl.a. reumatologi, nevrologi-, muskel og skjelettplager, idrettsskadar og i svangerskap/barsel. Det blir lagt vekt på studentaktiv læring fram mot praktisk eksamen i emnet.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap korleis fysisk aktivitet påverkar og kan tilpassast ulike diagnosar
- har kunnskap om korleis fysisk aktivitet og trening kan brukast som førebygging og opptrening etter skade og sjukdom
Ferdigheiter
Studenten
- syner ferdigheiter i høve til planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing på ulike dugleiksnivå og for personar med ulik helsetilstand
- kan gjennomføre praktisk arbeid i offentlege og private verksemder
- kan utøve førstehjelp med hjertelungeredning
Generell kompetanse
Studenten
- kan utveksle og formidle sentrale tema og problemstillingar innan fagområde idrett, fysisk aktivitet og helse
- kan legge til rette for fysisk aktivitet for personar med behov for tilpassa fysisk aktivitet
- kan samhandle og kommunisere med kundar, pasientar, brukarar, kollegar og andre aktørar innan fagområdet
Krav til forkunnskapar
Fullført 2. år bachelor Idrett, fysisk aktivitet og helse eller tilsvarande utdanning.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er teoretisk og praktisk innretta med førelesningar og individuelt arbeid, samt obligatoriske læringsaktivitetar knytt til gruppearbeid, studentpresentasjonar, førelesingar frå praksisfeltet/pasienterfaringar, praktisk aktivitet og praksis for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen.
Emnet har to veker yrkespraksis på valfri arbeidsplass innan anten førebygging, helsefremming eller behandling. Praksisen kan vere samanhengande eller organisert som punktpraksis med same omfang. I praksis er planlegging og gjennomføring av ulike arbeidsoppgåver med fysisk aktivitet som helsefremmande, førebyggande og/eller behandlande tiltak i fokus. Studenten kan påverke kva retning han ønskjer å få meir praktisk erfaring i ved sjølv å finne seg praksisplass. Praksisen vert gjennomført under rettleiing av personar som er godkjende av høgskulen.
Obligatorisk læringsaktivitet
For å ha rett til å ta eksamen må alle arbeidskrava vera godkjent. Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar som gruppearbeid og -framlegging, førelesingar frå praksisfeltet/pasienterfaringar, praktiske timar og praksis. Disse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytte om at studentane kan planlegge, organisere og rettleie personar med ulik helsetilstand i trening og at dei kan formidle og drøfte sentrale tema og problemstillingar innan fagområde idrett, fysisk aktivitet og helse.
Vurderingsform
Individuell praktisk eksamen, 30 minutt.
Kandidaten trekk tema (case) han/ho skal opp i 30 minuttar før eksamenen startar. Tida skal brukast til å førebu seg til gjennomføring av eksamen.
Gradert karakter (A-F).
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel