Hopp til innhald

ID3-331 Gruppetreningsinstruktør

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

  • Gjennomføring og rettleiing av ulike timar med fokus på styrke, uthald, koordinasjon og rørsleevne
  • Instruktørrolla- coaching og øvingsbilete
  • Intensitetsstyring- ulik intensitet retta mot ulike målgrupper
  • Treningslære retta mot trening i grupper
  • Bruk av musikk på ulike timar

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om treningslære innanfor uthald, styrke og bevegelegheit relatert til trening av grupper både ute og inne
  • har kunnskap om coaching
  • har kunnskap om intensitetsstyring
  • har kunnskap om musikk som hjelpemiddel

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere ulike typar timar med fokus på styrke, uthald, koordinasjon og rørsleevne ute og inne for ulike målgrupper
  • kan motivere og rettleie deltakarar til funksjonell og effektiv trening
  • kan legge til rette for ulike målgrupper i ein og same time

Generell kompetanse

Studenten

  • kan legge til rette for gode treningsopplevingar

Krav til forkunnskapar

Fullført 60 studiepoeng idrett eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene er førelesing, gruppe- og individuelt arbeid og praktiske timar ute og inne. Det blir lagt til rette for obligatoriske læringsaktivitetar knytt opp mot ulike læringsmål for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen, mellom anna praktiske oppgåver.

Obligatorisk læringsaktivitet

For å ha rett til å ta eksamen må alle arbeidskrava vera godkjent. Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar. Desse blir spesifisert i kursplanen.

  • Godkjent tre arbeidskrav knytt til trening av ulike typar målgrupper, framlegging og innlevering.

Vurderingsform

Individuell praktisk eksamen med munnleg eksaminasjon, ein time. Vurdering med karakter A-F.