Hopp til innhald

JU6-404 Jus for offentleg leiing

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet skal gje studentane forståing for korleis forvaltningsretten sine rettsreglar legg rammer for styring og leiing i offentlege verksemder generelt, og særleg i helse- og omsorgssektoren og utdanningssektoren.  I tillegg skal studentane ha eit oversyn over korleis ein løyser praktisk juridiske problemstillingar.

Læringsutbytte

Etter avslutta emne skal studenten ha følgjande kunnskapar, ferdighetar og kompetanse

 

Kunnskap

  • Ha god kunnskap om dei viktigaste reglane for sakshandsaming innan offentlege verksemder, og særleg innan helse- og velferdssektor og skulesektor.
  • Ha innsikt i internkontroll som metode.

 

Ferdighet

  • Kunne sakshandsame juridiske problemstillingar innafor eige praktiske ansvars- og arbeidsområde i sektoren
  • Ved delegering kunne leie og rettleie andre i sakshandsaming

 

Generell kompetanse

  • Ha grunnleggande forståing av forvaltningsretten sine rettsreglar generelt og  dei sentrale rettsreglane for eigen sektor og fagområde spesielt.

Krav til forkunnskapar

Sjå generelle opptakskrav i studieplanen

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, øvingsoppgåver (sjå arbeidskrav) og sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Arbeidskrav nr. 4a: Praktisk oppgåve i forvaltningsrett med individuell tilbakemelding (omfang 600 - 1200 ord).

Arbeidskrav nr. 4b: Praktisk oppgåve i helse- eller utdanningsrett med individuell tilbakemelding (omfang 750 ord).

Vurderingsform

Heimeeksamen - 8 dagar. Individuelle svar på utlevert oppgåvetekst. Omfang 3000 - 3500 ord.

Formelle krav til innleveringa vert gjort kjent ved utdeling av oppgåvene.

Bokstavkarakter A - F der F er "ikkje greidd".

Ved stryk kan studenten ta opp igjen eksamen det påfølgjande semesteret.

Hjelpemiddel ved eksamen

Heimeeksamen - kan bruke tilgjengelege hjelpemiddel

Meir om hjelpemiddel