Hopp til innhald

PPUA306 Skulen i samfunnet - leiing av lærings- og utviklingsarbeid i eit organisasjons- og samfunnsperspektiv

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Hovudtema i emnet er skulen i eit organisasjons- og samfunnsperspektiv og pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid. Lærestoffet omfattar difor samarbeid med foreldre, nærmiljø, nærings- og arbeidsliv og andre instansar utanfor skulen. I tillegg kjem tema knytt til skuleutvikling og lærarar si kontinuerlege utvikling av eigen kompetanse.

Følgjande tematikk er løfta fram som felles for alle studiestadane

  • Barn og unge i utsette livssituasjonar
  • Medborgarskap og det fleirkulturelle samfunnet
  • Berekraftig utvikling
  • Skuleutvikling og kompetanseutvikling
  • Samiske forhold og samiske elevar sine rettar
  • Organiseringsformer og læringsrom i og utanfor skulen

Det vert lagt vekt på heilskap og samanheng i studiet gjennom integrering av fagdidaktikk, pedagogikk,  og praksis. Eit berande element i gjennomføringa av emnet er ei utforskande tilnærming til læring. Det føreset ei forankring i forsking og fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid.

Læringsutbytte

Alle læringsutbytta frå rammeplanen vert handsama i emnet, men det vert lagt særs vekt på desse:

Kunnskapar

Studenten:

  • har inngåande kunnskap om og evne til å halde seg oppdatert på gjeldande lov- og planverk for profesjonsutøvinga
  • har kunnskap om korleis utvikle profesjonsfellesskap i skulen som organisasjon
  • har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjoner, herunder kunnskap om vold og seksuelle overgrep mot barn og unge, om deira rettar i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv, og om korleis sette i gang nødvendige tiltak etter gjeldande lovverk.

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan leie og legge til rette for undervisningsforløp som fører til gode faglege og sosiale læringsprosessar
  • kan samhandle i eit profesjonsfellesskap
  • kan identifisere og tilrettelegge for barn og unge som har særskilte behov, og kunne etablere tverrprofesjonelt samarbeid til barnet sitt beste.  

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan formidle pedagogiske og fagdidaktiske problemstillingar på eit avansert nivå
  • kan med stor grad av sjølvstende vidareutvikle eigen kompetanse og bidra til både kollegaer og skulen si utvikling
  • kan bygge relasjonar til elevar og føresette, og samarbeide med aktørar som er relevante for skuleverket.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

PPUA305

PPUA307

Undervisnings- og læringsformer

Det er ikkje mogleg å lytte seg til å bli ein god lærar. Studiet gjer difor bruk av ei rekke studentaktive lærings- og arbeidsformer. Kva arbeidsformer som vert teke i bruk er til ei kvar tid avhengig av tema det vert arbeidd med. Emnet følger intensjonen i dei nasjonale retningslinene når det gjeld undervisning.

Studentane vert inviterte til ei vurdering av studieopplegget gjennom systematisk erfaringsutveksling med lærarar og medstudentar.

Det er obligatorisk oppmøte på læringsaktivitetar i studiet.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane skal gjennomføre og få godkjent 4 arbeidskrav.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vera godkjent for å få gå opp til eksamen.

Vurderingsform

  • Del 1: Individuell semesteroppgåve. Karakterskala A- F, der F svarar til ikkje bestått. 4500 ord +-10. Karakteren tel 60% på endeleg karakter.
  • Del 2: Munnleg eksamen, 40 minutt. Ein kan få spørsmål frå både emne PPUA305 og PPUA306. Karakterskala A- F, der F svarar til ikkje bestått. Karakteren tel 40% av endeleg karakter.

Begge delane må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som er ikkje bestått takast opp att åleine.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel