PPUY308 Praksis 2
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Studenten skal i dette praksisemnet vidareutvikle ein yrkesdidaktisk-, sosial-, endrings-, utviklings- og yrkesetisk kompetanse. I tillegg er det viktig at studentane utviklar ein sjølvstendig identitet i lærerrolla og kompetanse for yrkesfagleg læringsleiing.
Hovudtema i det første praksisemnet vert vidareført, men i tillegg vil den praktiske sida ved det å jobbe i skulen som organisasjon være viktig. Det skal vere tett kopling mellom det studenten møter i pedagogikk og yrkesdidaktikk på studiestaden og det dei opplever i praksis.
Praksisopplæringa skal vere rettleia, vurdert og variert og ha eit omfang på 20 dagar i vidaregåande skule, samt 10 dagar i ungdomsskulen.
Læringsutbytte
Alle læringsutbyta frå rammeplanen og dei nasjonale retningslinene vert handsama i emnet, men det vert lagt særleg vekt på desse:
Ferdigheiter
Studenten:
- kan samarbeide med elevar og aktuelle samarbeidspartnarar
- kan utvikle og leie inkluderande, kreative, trygge og helsefremjande læringsmiljø
- kan rettleie elevane i å ta vidare utdanningsval frå ungdomstrinnet til fag- og yrkesopplæring
- kan bidra til at faga vert praksisretta gjennom elevane sine interesser og yrkesretta i samarbeid med andre faglærarar i skulen
- kan møte elevar ut frå deira individuelle og kulturelle føresetnader og utvikle medansvar i ein demokratisk læringsorganisasjon
- kan bruke opplæringslova sin formålsparagraf i det daglege lærararbeidet
- kan framstå som rollemodell i skolen, samarbeidsbedrifter, lokalsamfunnet og på andre samfunnsarenaer.
Krav til forkunnskapar
PPUY305
PPUY307
Undervisnings- og læringsformer
Studenten skal i praksisen sin gjennomføre observasjonar, og ha eit sjølvstendig ansvar for planlegging og gjennomføring av undervisinga. Ho/han skal og delta i møte- og samarbeidstid samt i det faglege utviklingsarbeidet ved skulen.
Studenten har ansvar for å dokumentere innhaldet i praksisopplæringa. Dokumentasjonsforma vært spesifisert i studieheftet frå studiestaden
Studenten, praksislærar og profesjonsrettleiar skal ha fleire møtepunkt i løpet av studenten sin praksis. Møta kan gå føre seg som nettmøter, praksisrettleiing på praksisstaden m.m. Ei nærare forklaring av korleis praksis vert gjennomført vert å finne i studieheftet frå studiestaden.
I samråd med praksisrettleiar og student(ar) avtalar ein praksisgjennomføringa innan oppsette veker.
Praksisplassar i ungdomsskolen for PPU2 vert fastsett tidleg i haustsemesteret (sept/okt).
Ved ønskje om praksis i andre tidsperiodar enn oppsett, sender ein søknad til emneansvarleg/studiekoordinator.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen
Vurderingsform
Praksis, 30 dagar.
- Del 1: 10 dagar praksis i ungdomsskule
- Del 2: 20 dagar praksis i vidaregåande skule
Karakterskala: Bestått/ikkje bestått.