PSBU101 Psykisk helse hjå barn og ungdom
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Dette emnet gjev kunnskapar om psykisk helse hos barn og unge, og viktige føresetnader for å vidareutvikle og betre barn og ungdom sine evner til å meistre livskriser og psykososiale belastingar. Her skal undervisninga ta føre seg både generell utviklings-i og barndomspsykologi og psykiske plager og lidingar hos barn og unge fram til vaksen alder.
Innhald/oppbygging:
- Barndom, ungdom og kultur
- Oppvekstvilkår, utviklingshistorie, identitetsdanning, kropp, kjønn og seksualitet
- Barn og ungdom si psykisk helse
- historiske utviklingslinjer, dagsaktuelle problemstillingar og framtidige utfordringar
- medisinske utfordringar
- Trivsel og tilhøve som fremjer god psykisk helse hos barn, ungdom og familiar
- om økonomi og levekår blant barn og unge, sosiale identitetar, meiningsskapande aktivitetar
- meistring av krav i kvardagen
- Samfunnsskapt helse og uhelse;
- sosiale marginaliserings-prosessar, fattigdom og sosial ulikskap i helse, problemstillingar knytt til migrasjon og psykisk helse, identitetsutvikling, homofili
- Når livet blir vanskeleg - erfaringar frå barn, ungdom og familie i sorg og krise
- Ulike risikofaktorar for utvikling av psykososiale problem;
- barn som lever i familie med vald/familie med rusproblem, psykiske lidingar, samlivsbrot, fysisk og psykisk omsorgssvikt og mishandling, foreldre/søskens død
- einsemd og mobbing
- krigsopplevingar og traume
- Teikn på psykososiale problem og psykisk uhelse hos barn og ungdom
- skuleproblem og tilpassingsvanskar
- tristheit, sjølvskading og sjølvmordstankar
- spiseforstyrring
- innagerande og utagerande åtferd/ temperament
- kriminalitet
- Avhengigheit
- Speleavhengigheit
- Narkotiske stoff
- Alkohol /løysemiddel
- Anabole steroid
- Tablettar
- Psykiske lidingar hos barn og ungdom
- Depresjon, angst, traumatisering, suicidalitet, spiseforstyrringar, utviklingsforstyrringar, åtferdsproblem, psykose m.m.
- Klassifikasjon og psykiatrisk diagnostikk av barn og ungdom - bruksområde utfordringar og fagetiske dilemma
- Resiliens og salutogenese, og barns navigering mot psykisk helse
Læringsutbytte
Ein studenten med fullført emne har følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Kunnskap:
Studenten...
- har inngåande teoretisk forståing av faget psykososialt arbeid med barn og unge
- har inngåande kunnskap om generell utviklings- og barndomspsykologi
- har inngåande kunnskap om betyding av oppvekstvilkår og- kultur, barn sine psykososiale behov, og om risikofaktorar og beskyttelsesfaktorar for psykososial helse hos barn og ungdom
- har inngåande kunnskap om dei mest alminnelege psykiske lidingar hos barn og ungdom, og symptom på desse
- har inngåande kunnskap om grunnleggande vilkår for å fremje og vidareutvikle barn og ungdom sine evner til å mestre livskriser og psykososiale belastningar, samt betyding av brukarmedverknad og myndiggjering for fremjing av psykisk helse.
- har kunnskapar om ulike perspektiv på psykisk helse og korleis desse har påverka utvikling av metodar og ulike intervensjonar i arbeidet med barn og unge
Ferdigheiter:
Studenten...
- kan anvende kunnskap om generell utviklingspsykologi for å analysere normalutvikling hos barn og unge
- kan identifisere og analysere forhold ved nærmiljøet og samfunnet elles, som verkar inn på utviklinga av helsefremjande prosessar hos barn og ungdom.
- kan identifisere samfunnsmessige og biologiske faktorar som har betyding for utvikling av psykiske vanskar og lidingar
- kan kritisk reflektere over ulike historiske perspektiv på normalitet og normalutvikling hos barn, ungdom, unge vaksne og familien.
- kan etablere og inngå i helsefremjande og meistrings-skapande relasjonar med barn, ungdom og deira familiar med utgangspunkt i deira eigne ønsker og behov.
Generell kompetanse:
Studenten...
- kan analysere og bidra til å vidareutvikle barn og ungdom si evne til å meistre livskriser og psykososiale påkjenningar
- kan identifisere og reflektere kritisk rundt etiske og moralske utfordringar psykososialt arbeid med barn og unge
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn i fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
- kan anvende kunnskap om betydinga av reell brukarmedverknad og myndiggjering i arbeidet med barn, ungdom og deira familiar, for utvikling av psykisk helse
Undervisnings- og læringsformer
Førelesning, rollespel, video, sjølvstudium og oppgåveskriving/arbeidskrav, teorigrupper/kollokviegrupper. Rettleiingsgrupper. Studentane må ha tilgang til internett. Canvas vil vere kommunikasjonsverktøy mellom studiestad og studentane. Studenten vert også oppmoda om å hospitere ved andre arbeidsstadar, og / eller ved institusjonar som arbeider med eller forskar innanfor feltet barn og unge.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivetar må vere godkjende før studenten kan framstille seg for sluttvurdering:
1. 75% obligatorisk frammøte i undervisning og 100% frammøte til rettleiingsgrupper
2. Ei individuell skriftleg oppgåve der studenten reflekterer over studiet og eiga yrkesrolle. Omfang: om lag 1000 ord.
Vurderingsform
Mappevurdering
Studenten skal utarbeide ei læringsmappe, som skal innleverast elektronisk for rettleiande kommentarar. Mappa skal vere eit forarbeid til sluttvurderinga, og skal inndelast i 3 skriftlege arbeid med ulike fastsette tema, og med eit omfang på om lag 2000 ord på kvar oppgåve. Det blir trekt ei oppgåve frå læringsmappa for sluttvurdering i ei vurderingsmappe. Kandidaten kan arbeide vidare på denne dei neste 48 timane, før besvarelsen blir levert elektronisk. Oppgåva skal ha eit omfang på maks 2500 ord.
Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A - F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemidler tilletne.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- PS115 - Psykisk helse hos barn, ungdom og unge vaksne - Reduksjon: 15 studiepoeng
- PSBU6101 - Psykisk helse hjå barn og unge - Reduksjon: 15 studiepoeng