Hopp til innhald

SA6-504 Politikk, styring og innovasjon i offentleg sektor

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet tek opp teoriar om offentleg styring, utforming og iverksetjing av offentleg politikk og korleis dette dannar kontekst for leiarar og leiarskap i offentlege profesjonsorganisasjonar. Tema som vert dekka er forvaltningsreformer og offentlig styring, studiet av offentlig politikk og innovasjon i offentlig sektor. 

Læringsutbytte

Etter avslutta emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar:

  • ha avansert kunnskap om offentleg politikk og styringsideologiar
  • ha inngåande kunnskap om utforming og iverksetjing av politikk, samt ulike typar styringsinstrument
  • ha kunnskap om institusjonelt perspektiv på organisasjonar og offentleg sektor
  • ha kunnskap om reformer som politiske endringsverktøy
  • ha kunnskap om den politisk-administrative konteksten for leiing og profesjonsutøving i offentleg sektor
  • ha kunnskap om innovasjon i offentleg sektor

 

Ferdigheiter:

  • kunne bruke teoriar om offentleg politikk til å analysere politiske føringar i offentleg sektor
  • kunne nytte avansert kunnskap om reformer og ulike styringsideologiar til sjølvstendig analyse av sentrale utviklingstrekk i offentleg sektor
  • kunne bruke teoriar og omgrep frå emnet for å analysere endring og innovasjon i offentleg sektor generelt og i eigen sektor spesielt

 

Generell kompetanse:

  • med bakgrunn i nemnde kunnskapar og dugleikar skal studentane ha avansert kompetanse i å analysere den politiske konteksten og relevant reformkontekst for leiing og profesjonsutøving i offentleg sektor

Krav til forkunnskapar

Studentane må ha gjennomført alle føregåande emne i studieplanen på Master i organisasjon og leiing.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar. Gruppearbeid. Rettleiing på tekst til eksamen.

Obligatorisk læringsaktivitet

Arbeidskrav nr. 6 i studieplanen: 

Ein kort akademisk tekst med sjølvvald problemstilling, og der studenten skal gjere greie for ein teori frå emnet som er eigna til å belyse problemstillinga. Omfang: ca 1200 ord.

Vurderingsform

Mappe som inneheld eitt arbeid

Individuell innlevering. Omfang ca. 3000 ord.

Innlevering innan dato som vert gjort kjend av faglærar.

Bokstavkarakter A-F, der F er "ikkje greidd". 

Ved stryk kan omarbeidd tekst bli levert på nytt i  påfølgjande semester