SA6-504 Politikk, styring og innovasjon i offentleg sektor
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Emnet tek opp teoriar om offentleg styring, utforming og iverksetjing av offentleg politikk og korleis dette dannar kontekst for leiarar og profesjonsutøving i offentlege organisasjonar. Tema som vert dekka er forvaltningsreformer og offentlig styring, studiet av offentlig politikk og innovasjon i offentlig sektor.
Læringsutbytte
Etter avslutta emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar:
- ha avansert kunnskap om offentleg politikk og styringsideologiar
- ha inngåande kunnskap om utforming og iverksetjing av politikk, samt ulike typar styringsinstrument
- ha kunnskap om institusjonelt perspektiv på organisasjonar og offentleg sektor
- ha kunnskap om reformer som politiske endringsverktøy
- ha kunnskap om den politisk-administrative konteksten for leiing og profesjonsutøving i offentleg sektor
- ha kunnskap om innovasjon i offentleg sektor
Ferdigheiter:
- kunne bruke teoriar om offentleg politikk til å analysere politiske føringar i offentleg sektor
- kunne nytte avansert kunnskap om reformer og ulike styringsideologiar til sjølvstendig analyse av sentrale utviklingstrekk i offentleg sektor
- kunne bruke teoriar og omgrep frå emnet for å analysere endring og innovasjon i offentleg sektor generelt og i eigen sektor spesielt
Generell kompetanse:
- med bakgrunn i nemnde kunnskapar og ferdigheiter skal studentane ha avansert kompetanse i å analysere den politiske konteksten og relevant reformkontekst for leiing og profesjonsutøving i offentleg sektor
Krav til forkunnskapar
Studentane må ha gjennomført alle føregåande sektoremne og fellesemne i studieplanen på Master i organisasjon og leiing.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar. Gruppearbeid. Rettleiing på semesteroppgåve
Obligatorisk læringsaktivitet
Arbeidskrav nr. 6 i studieplanen:
Ein kort akademisk tekst der studenten skal gjere greie for ein eller fleire teoriar frå emnet som studenten vil nytte i semesteroppgåva. Omfang: ca 1200 ord.
Vurderingsform
Semesteroppgåve
Individuell innlevering. Omfang ca. 3000 ord.
Innlevering innan dato som vert gjort kjend av faglærar.
Bokstavkarakter A-F, der F er "ikkje greidd".
Ved stryk eller gyldig fråvær kan omarbeidd tekst bli levert inn til ny vurdering i det påfølgjande semesteret. Ved ynskje om forbetring av karakteren kan omarbeidd tekst bli levert inn neste gong ordinær eksamen vert arrangert (neste haust). Kandidaten melder seg då til vurdering i emnet igjen innanfor dei sette fristane for vurderingsmelding.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- SA6-409 - Politikk, styring og endring i helse- og velferdssektoren - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
- SA6-410 - Politikk, styring og endring i utdanningssektoren - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
- SA6-411 - Politikk, styring og endring i offentlege organisasjonar - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- OR6-502 - Styring, omstilling og leiing i offentlege organisasjonar - Reduksjon: 7,5 studiepoeng