Hopp til innhald

SK152 Bacheloroppgåve i sjukepleie

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

I dette emnet skal studenten fordjupe seg i ei sjukepleiefagleg problemstilling og belyse denne ved hjelp av teori, forsking og erfaringsbasert kunnskap. Dei ulike tema i emnet er:

  • Retningslinjer og skriveprosess for bacheloroppgåve i sjukepleie
  • Litteratursøk
  • Akademisk skriving

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte:

Kunnskap:

Studenten

  • kan syne kunnskap om metodar som vert nytta i forsking og fagleg utviklingsarbeid

 

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan formulere ei sjukepleiefagleg problemstilling og drøfte den i lys av relevant teori, forsking, erfaringsbasert kunnskap og
  • kan utføre systematiske litteratursøk
  • kan planlegge og gjennomføre eit prosjekt

 

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan vurdere og nytte teori og forskingsresultat og knytte dette opp mot konsekvensar for sjukepleiepraksis
  • kan forstå betydinga av nytenking og innovasjon
  • kan vurdere etiske problemstillingar på individ- og samfunnsnivå

Krav til forkunnskapar

Emne SK160, SK161, SK199, SK155, SK169, SK170, SK162, SK163, SK164, SK151, SK157, SK166, SK167, samt alle obligatoriske læringsaktivitetar i SK165 må vere greidd før start på SK152. Emne SK165 og SK159 må vere greidd før sluttvurdering i SK152.

Undervisnings- og læringsformer

  • Førelesingar
  • Seminardagar
  • Rettleiing på prosjektplan og bacheloroppgåva

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent før kandidaten kan framstille seg til eksamen:

1. Delta på seminar knytt til bacheloroppgåva

2. Delta på seminar knytt til litteratursøk/akademisk skriving

3. Delta på seminardag knytt til framlegg av utkast til prosjektplan

4. Godkjent prosjektplan

5. Delta på minst ei individuell/parvis rettleiing i skriveperioden

Vurderingsform

Bacheloroppgåve i sjukepleie. Individuell eller parvis skriftleg oppgåve. Bokstavkarakter A-F.

Ved karakteren F på bacheloroppgåva er det høve til å arbeide vidare med same problemstilling ved 2.gangs forsøk. Ved 3.gangs forsøk eller forbetring av karakter må ein levere heilt nytt eksamenssvar med ny problemstilling. Ved karakteren F har studentane rett på ny rettleiing. Nytt innleveringstidspunkt er saman med neste ordinære kull.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemidlar tilletne

Meir om hjelpemiddel