SYKB130 Anatomi, fysiologi, biokjemi og mikrobiologi
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Anatomi, fysiologi, biokjemi
Grunnleggande omgrep
Grunnleggande biokjemi
Celler
Genetikk - arv
Histologi - vev
Blodet
Sirkulasjonssystemet (hjartet og åresystemet)
Respirasjonssystemet
Nervesystemet
Det endokrine systemet/hormonsystemet
Sansane
Immunsystemet
Skjelettet
Musklane
Fordøyingssystemet
Nyrene og urinvegane
Væske-, elektrolytt- og syre-base-reguleringa
Forplantingsorgana (mannen sine forplantingsorgan, kvinna sine forplantingsorgan, svangerskap og fødsel)
Huda
Temperaturreguleringa
Meir utfyllande informasjon og forventa fagleg djupne og nivå i dei ulike temaa kjem fram i skildringa av faginnhald i eige dokument utforma i samband med nasjonal eksamen (link)
Mikrobiologi
Bakteriar, virus, sopp, protozoar og andre mikroorganismar
Mikroorganismane sin patogenitet og virulens
Smitterisiko og smittekjeda
Resistensutvikling ved bruk av antimikrobielle middel
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse. Læringsutbytta i anatomi, fysiologi og biokjemi og læringsutbytta i mikrobiologi er sett opp kvar for seg fordi dei vert vurderte i kvar sin eksamen.
Anatomi, fysiologi, biokjemi
Kunnskap:
Studenten…
- har brei kunnskap om namn på anatomiske strukturar og organ i menneskekroppen
- har brei kunnskap om anatomi i betydninga
- makroanatomisk: organ og organsystem
- mikroanatomisk: celler og vev
- har brei kunnskap om plassering av organa i forhold til kvarandre
- har brei kunnskap om funksjonane til dei ulike organa og organsystema i kroppen
- har brei kunnskap om normal fysiologi i dei ulike organa og organsystema
- har brei kunnskap om reguleringsmekanismar og homeostase i den friske kroppen
- har kunnskap om sentrale biokjemiske prosessar i den friske kroppen
Ferdigheiter:
Studenten...
- kan meistre omgrep og terminologi i fagfelta anatomi, fysiologi og biokjemi
Generell kompetanse
Studenten...
- kan formidle brei kunnskap om menneskekroppen sin anatomi og fysiologi
- kan formidle kunnskap om biokjemi
Mikrobiologi
Kunnskap:
Studenten…
- har brei kunnskap om dei mest vanlege mikroorganismane (bakteriar, virus, prion, parasittar og sopp) og infeksjonar dei kan gje
- har brei kunnskap om smitterisiko, til dømes mikroorganismane sin patogenitet og virulens
- har brei kunnskap om smittekjeda
- har kunnskap om antimikrobielle middel og resistensutvikling
Ferdigheiter:
Studenten...
- kan meistre omgrep og terminologi i fagfeltet mikrobiologi
Generell kompetanse:
Studenten...
- kan formidle brei kunnskap om smittestoff og smitterisiko
- kan formidle kunnskap om mikrobiologi, antibiotikabruk og resistensutvikling
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar
Arbeid i grupper
Multimodale ressursar
Formidling frå studentar
Rettleiing
Medstudentrespons
Oppgåveløysing
Sjølvstudium
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:
1: Deltaking i studiegruppe med medstudentrespons og rettleiing. Tema: anatomi og fysiologi.
2: Deltaking i studiegruppe med medstudentrespons og rettleiing. Tema: fysiologi og biokjemi.
3: Deltaking i studiegruppe med medstudentrespons og rettleiing. Tema: mikrobiologi.
Vurderingsform
Eksamen består av to delar der del 1 tel 80% og del 2 tel 20% av samla karakter.
Del 1: Skriftleg skuleeksamen i anatomi, fysiologi og biokjemi, 4 timar. Tid og stad for eksamen blir gitt på Studentweb.
Del 2: Skriftleg skuleeksamen i mikrobiologi, 2 timar. Tid og stad for eksamen blir gitt på Studentweb.
Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A - E er bestått karakter og F er ikkje bestått.
Ny eksamen
Begge eksamenane må vere bestått for at emnet skal vere bestått. Dersom studenten får karakteren F på ein av eksamenane, må denne eksamenen takast opp att.
Ny eksamen gjennomføres i samme form som ordinær eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel