Hopp til innhald

YFL808 Læringsleiing, relasjonskompetanse og elevmedverknad

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet gir innføring i nyare teoriar og metodar for rettleiing, læringsleiing og elevmedverknad og relasjonskompetanse. Sentrale tema er kommunikasjon, relasjon, læringsleiing, samspel og læringsmiljø i ei mangfaldig elevgruppe. Det blir lagt vekt på å fremje elevmedverknad som kan bidra til å styrkje læring og utvikling.

Det er eit mål at studiet skal bidra til kunnskapsdeling, nytenking og innovasjon på skulen til deltakarane.

Tilbodet er delvis nettbasert med 2 samlingar og 3 digitale nettverkssamlingar, digitale nettverksgrupper mellom samlingane, styrt av studentane og med rettleiing frå HVL.

Emnet gir innføring i nyare teoriar og metodar for klasseleiing, elevmedverknad, sjølvregulering og korleis byggje gode relasjonar i opplæringa. Sentrale tema er kommunikasjon, relasjon, samspel og læringsmiljø i ei mangfaldig elevgruppe. Det blir lagt vekt på korleis ein kan leggje til rette for undervisning, både individuelt og i grupper, som bidreg til å styrkje læring og utvikling.

I studiet vert det arbeida med desse emna:

  • rettleiingsrolla og ulike rettleiartradisjonarog forståing for korleis ulike perspektiv på læring har følgjer for rettleiinga til elevar i ulike livssituasjonar
  • sentrale trekk i kommunikasjonen i læringsdialogar med enkeltelevar og elevgrupper
  • etikk og makt i rettleiing og undervisning
  • inkluderande læringsmiljø og elevmedverknad
  • tilpasse opplæringa til elevar med ulike behov og føresetnader
  • elevar med fleirkulturell og fleirspråkleg bakgrunn
  • relasjon og samspeldynamikkar i elevgrupper og mellom elevar og lærarar
  • korleis utøve læringsleiing for å fremje eit godt læringsmiljø i eit mangfaldig læringsfellesskap
  • etiske omsyn og regelverk knytt til bruk av digitale læringsverktøy i skulen

Overordna del av læreplanverket vil liggje til grunn for innhald og faglege drøftingar av emna i utdanninga. Dei tverrfaglege emna demokrati og medborgarskap, og folkehelse og livsmeistring vil òg bli tematisert og studentane vil bli utfordra på korleis desse grunntankane i Overordna del kan kome til uttrykk i arbeid med læringsleiing, elevmedverknad og utvikling av relasjonskompetanse

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgende totale læringsutbytte:

Kunnskaper:

Studenten

  • har kunnskap om ulike perspektiv på læringsleiing
  • har kunnskap om relasjon, kommunikasjon og gruppedynamikk
  • har kunnskap om etikk og makt i rettleiing og undervisning
  • har kunnskap om korleis inkludere elevar i eigen læringsprosess, elevmedverknad og sjølvregulert læring
  • har kunnskap om tilpasse opplæringa til elevar med ulike behov og føresetnader
  • har kunnskap om korleis leggje til rette for læring for elevar med fleirkulturell og fleirspråkleg bakgrunn
  • har kunnskap om korleis utøve klasseleiing for å fremje eit godt læringsmiljø i eit mangfaldig læringsfellesskap

 

Ferdigheter:

Studenten

  • kan utvikle gode læringsfellesskap i ulike elevgrupper
  • kan byggje relasjonar og etablere dialogar og god kommunikasjon med elevar og kollegaer om elevane si læring
  • kan bruke relevante rettleiingsmetodar på ein måte som fremjar læring- og meistringserfaringar
  • kan involvere elevar i læringsarbeid
  • kan analysere, vurdere og justere eigen pedagogiske praksis som klasseleiar

 

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan kunne analysere og reflektere kritisk over eigen og andre sin praksis som læringsleiar
  • kan kunne formidle og drøfte sentrale tema innanfor fagområdet læringsleiing, relasjonskompetanse og elevmedverknad
  • kan kjenne til nytenking og innovasjonsprosessar som gjeld læringsleiing, relasjonskompetanse og elevmedverknad ei mangfaldig elevgruppe
  • kan bruke relasjons- og kommunikasjonskompetanse for å leggje til rette for eit inkluderande læringsmiljø i ei mangfaldig elevgruppe

Krav til forkunnskapar

 Søkere må være tilsatt i og ha undervisningspraksis i videregående opplæring.

Undervisnings- og læringsformer

Studiet vektlegg studentaktive læringsformer, og studentane må rekne med høg deltakartaktivitet. Studentane skal ta ei aktiv rolle i læringsprosessar i studiefellesskapet. Dette er ein føresetnad for gjennomføring av arbeidskrava i studiet. Innhald og arbeidsmåtar i studiet tek utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar og undervisningspraksis. Mellom samlingane deltar studentane i digitale nettverksgrupper, der det vert drøfta utprøvingar av metodar og verktøy knytt til læringsleiing, rettleiing og elevmedverknad. HVL brukar Canvas som lærings‐ og undervisningsplattform.

Obligatorisk læringsaktivitet

  1. To fagtekstar inntil 1200 ord knytt til eigen praksis
  2. Presentasjon av ulike arbeidskrav i studiet (utprøvingar i eigen praksis), etter siste samling og før avsluttande eksamen. Presentasjonen skal skje på eigen skule og der kollegium og skuleleiing blir invitert, med moglegheit for kunnskapsdeling og refleksjon. Målet er erfaringsdeling på eigen arbeidsplass.

Arbeidskrava er obligatoriske arbeid som må vere gjennomført og godkjente før studenten kan framstille seg til eksamen.

Vurderingsform

Munnleg eksamen i nettverksgruppe.

Karakter: Greidd/ ikkje greidd

Eksamenskonferanse på campus. Studenten skal dele erfaring og refleksjon frå studiet om korleis ny kunnskap og erfaring kan nyttast i undervisningspraksis.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel