YFL809 Yrkesretting av programfag og fellesfag
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Studiet handlar om korleis lærar kan styrka elevane sin motivasjon og gjera yrkesopplæringa på Vg1 og breie Vg2 meir praksisnær, gjennom å yrkesretta program- og fellesfaga. Studiet handlar også om korleis yrkesfag- og fellesfaglærarar kan etablera gode samarbeidsarenaer, for å sikra elevane relevant yrkesopplæring.
Studiet gir innføring i prinsipp og metodar for yrkesretting av programfag og fellesfag i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Sentrale tema er læreplanforståing i eit yrkesfokus, motivasjon, elevmedverknad og samhandling mellom lærarar på tvers av skulefag. Det blir lagt vekt på utprøving av metodar for yrkesretting mellom samlingane. Fagfornyinga og Overordna del av læreplanverket vil liggje til grunn for arbeidet i studiet.
Vidareutdanninga er delvis nettbasert med to samlingar på campus Sogndal og ei nettbasert samling våren 2021. Det er lagt opp til tre fellessamlingar som går over to dagar og ei nettbasert samling i fom av webinar. Emnet vert knytt til HVL sine yrkesfagmiljø på tvers av campusar.
Gjennom studiet skal studentane mellom anna:
- analysere og reflektere kritisk over eigen praksis i fag- og yrkesopplæringa
- prøva ut yrkesretting for å involvera og motivera elevar på yrkesfaglege Vg1 og Vg2
- leggje til rette for eit interessedifferensiert opplæring i ei mangfaldig elevgruppe
- vere nytenkande og innovativ i læringsarbeidet for å styrka elevane sin motivasjon
- samhandle med kollegaer på tvers av fag
- prøve ut relevante rettleiingsmetodar for å fremja lærings- og meistringskompetanse i eiga elevgruppe
- planleggje, grunngje, gjennomføre og kritisk reflektera rundt eiga undervisning og metodar for yrkesretting og elevmedverknad
- arbeid med yrkesretting av djupnelæring og tverrfaglege tema
- utvikle perspektiv og verktøy for samhandling i skulen og med arbeidsliv, nettverksbygging
- etiske omsyn og regelverk knytt til bruk av digitale læringsverktøy i skulen
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten har følgjande totale læringsutbyte:
Kunnskapar:
Studenten
- har kunnskap om etikk og regelverk knytt til bruk av digitale læringsverktøy i skulen
- har kunnskap om korleis leggja til rette for yrkes- og interessedifferensiert opplæring i ei mangfaldig elevgruppe
- har kunnskap om arbeid med djupnelæring gjennom yrkesretting og arbeid med tverrfaglege tema
- har kunnskap om faget Yrkesfagleg fordjuping si rolle som arena for yrkesretting og relevans i yrkesopplæringa og for samarbeid med arbeidslivet
Ferdigheiter:
Studenten
- kan analysere eigen undervisningspraksis og samhandlingskompetanse kan velje og nytte relevante arbeidsmåtar for å fremja lærings- og meistringskompetanse i eiga elevgruppe
- kan planleggje, grunngje, og gjennomføra yrkesretta undervisning i eiga elevgruppe på yrkesfagleg Vg1 og Vg2 kan nytta elevmedverknad for å involvera og motivera elevar på yrkesfaglege Vg1 og Vg2
- kan bygge nettverk i skulen og med arbeidslivet for ei relevant yrkesopplæring
Generell kompetanse:
Studenten
- kan kritisk reflektera rundt eiga undervisning, yrkesretting og elevmedverknad
- kan samhandle med kollegaer på tvers av fag og med arbeidsliv
- kan tenkje nytt og innovativ i læringsarbeidet for å styrka elevane sin motivasjon
Krav til forkunnskapar
Studentane må vere tilsett i vidaregåande opplæring og vere i undervisningspraksis i studieåret i programfag og/eller fellesfag på yrkesfagelege utdanningsprogram.
Undervisnings- og læringsformer
Studiet bygger på deltakarane sine fagutdanningar, yrkeserfaring og profesjonspraksis. Studiet vil ta utgangspunkt i deltakarane sine eigne erfaringar og undervisningspraksis og vere praksisnært. Samstundes er det eit mål at studentane gjennom erfaring frå mellomliggande arbeid og kunnskapsdeling kan bidra til nytenking og innovasjon på eigen arbeidsplass /eigen skule.
Vi har førelesingar, gruppearbeid, refleksjonsgrupper, erfaringsutveksling og diskusjonar med utgangspunkt i erfaringar frå mellomliggande arbeid; utprøving i eigen klasse mellom samlingane. Fagfornyinga blir integrert i studiet gjennom fokusområdet djupnelæring i yrkesfag med utgangspunkt i yrkesretting, elevmedverknad og samhandling mellom programfag- og fellesfaglærarar.
Studiet vektlegg studentaktive arbeids- læringsformer på alle samlingar. Studentane skal ta ei aktiv rolle i læringsprosessar i studiefellesskapet. Dette er ein føresetnad for gjennomføring av arbeidskrava i studiet.
Vi vektlegg utprøving og bruk av ulike digitale verktøy og varierte dokumentasjonsformer som studentane kan bruke med sine elevar, og brukar Canvas som lærings‐ og undervisningsplattform i studiet. Innhald og gjennomføring skal tilpassast studentane sin arbeidssituasjon og vil bli planlagt i tett samarbeid med studentar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Gjennomført tre arbeidskrav (utprøving i praksis mellom samlingar).
Studentar som arbeider ved same skule skal gjennomføre arbeidskrava ilag.
Arbeidskrava er obligatoriske og må vere gjennomført og godkjente før studenten kan framstille seg til eksamen.
Vurderingsform
Munnleg eksamen. Individuell.
Karakter: Greidd/ ikkje greidd
Open eksamenskonferanse der skuleleiing og kollegiet blir invitert inn, for å sikre fokus på erfaringsdeling. Studenten skal dele erfaring og refleksjon frå studiet om korleis ny kunnskap og erfaring kan nyttast i undervisningspraksis.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel