Hopp til innhald

MASA202 Prosessleiing og deltakardemokratiske metodar

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Samfunnsarbeid er omtala som kollektiv handling, som kollektivt endringsarbeid og som å ta ansvar for sine medmenneske. Samskaping, samhandling og sosial deltaking er sentralt for samfunnsarbeid. Sosial deltaking er resultat av ei sosial orientering, ei oppleving av å høyre til og av å verta anerkjend, og av individuelle og strukturelle føresetnader. Samfunnsarbeid er å undersøkje og påverke vilkår for sosial deltaking, danning av fellesskap og kollektiv handling. Emnet skal gi kunnskap om og forståing av samfunnsrelaterte prosessar og endringsarbeid, og gje kunnskap om bruk av ulike teoriar og metodar i samfunnsarbeid. Prosessleiing og deltakardemokratiske metodar for mobilisering av ulike grupper til ulike felleskap er sentralt. 

Den praktiske verktøykassa inneheld kunnskap om ulike metodiske tilgangar til samfunnsarbeid som lokalt utviklingsarbeid, sosial aksjon, sosialt planarbeid og organisering. Emnet gir ei grundig innføring i metodar for kartlegging, mobilisering, analyse, planlegging, iverksetting av prosjekt, avslutning, og evaluering i forhold til endringsarbeid med utgangspunkt i samfunnsarbeid. Samfunnsarbeid er ein prosess der tid, stad, situasjon og personar bidreg til kva som vert sett i verk og kva som vert resultat. Tidlegare kunnskap og erfaring vert tatt i bruk eller utfordra. Arbeidsmåtane i emnet vil legge til rette for at prosessen kan erfarast. Refleksjon over erfaring og prosess vert gjort individuelt og i grupper, skriftleg og munnleg.

Sentrale tema:

  • Ulike metodar i samfunnsarbeid
  • Prosjektarbeid og planlegging
  • Prosessleiing
  • Evaluering
  • Deltaking, lokal handleevne, kritisk refleksjon og empowerment
  • Kreative verkemiddel
  • Prosjektformidling

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, evner og generell kompetanse:

Kunnskap: Studenten...

  • har avansert kunnskap om og i praktiske verktøy i samfunnsarbeid
  • kan bruke kunnskapen for å mobilisera til sosial deltaking i ulike fellesskap for ulike grupper menneske

Ferdigheiter: Studenten...

  • kan bruke relevante fagutviklingsmetodar
  • kan vere katalysator i sosiale endringsprosessar
  • kan planlegge, gjennomføre og ferdigstille ulike endringsprosjekt og involvere dei det gjeld i alle delar av prosessen

Generell kompetanse: Studenten...

  • kan leia endringsprosjekt
  • tar i bruke ulike metodar for samfunnsarbeid i samspel med dei det gjeld
  • kan kartlegge, finne og oppsøke relevante interessentar og samarbeidspartar
  • kan mobilisere ressursar, planlegge og organisere prosjekt, og kommunisera dette skriftleg og munnleg

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Forelesing, artikkelseminar, framlegg, få og gje kommentarar på eige og medstudentar sitt arbeid, delta i diskusjonar, gruppearbeid, utarbeide og bruke gruppekontrakt, levere arbeidskrav på Canvas. Praktisk prosjektarbeid knytt til arbeid med deltakardemokratiske metodar. Praktisering av deltakardemokratiske metodar. Evalueringsprosessar. Prosessorientert skriving.

Obligatorisk læringsaktivitet

Gruppearbeidskrav. Studentane som er sett saman i grupper, skal vere opponentar på ei anna gruppe si framføring og sin poster.   

Arbeidskravet har vurderingsuttrykk godkjend/ ikkje godkjend. 

 

Godkjente arbeidskrav er gyldig i to påfølgande semester.

Vurderingsform

Eksamen

Gruppeksamen. Studentane vel ein deltakardemokratisk metode å fordjupe seg i og etablerer sjølv grupper. Metoden/tilnærminga som blir presentert i plenum, skal både prøvast ut i praksis og presenterast som veggavis/poster. 

Vurderingsuttrykk Bestått/ikkje bestått