SYKB100 Grunnleggande sjukepleie
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Emnet dannar eit teoretisk grunnlag for kunnskap og forståing for mennesket sine grunnleggande behov og sjukepleiaren sin helsefremmande, førebyggande, behandlande, rehabiliterande og lindrande funksjon, inkludert palliasjon.
Emnet dekker i tillegg følgande tema
- sjukepleieprosessen
- sjukepleiedokumentasjon
- personsentrert sjukepleie
- verdiar og omgrep i sjukepleie
- helse og sjukdom
- mennesket sine grunnleggande behov (fysiske, psykiske, sosiale og åndelege behov)
- motivasjon og meistring
- stress, kriser og sorg
- hygiene og smittevern
- aldringsprosessen
- sjukepleie til personar med kognitiv svikt
- offentlege dokument og gjeldande lovverk med særskilt fokus på teieplikt og brukarmedverknad
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Kunnskap:
Studenten…
- har brei kunnskap om mennesket sine grunnleggande behov
- har kunnskap om sentrale verdiar og omgrep i sjukepleie
- har kunnskap om sjukepleiaren sin helsefremmande, førebyggande, behandlande, rehabiliterande og lindrande funksjon, inkludert palliasjon
- har kunnskap om infeksjonsførebyggande tiltak
- har kunnskap om aldringsprosessen
- har kunnskap om personsentrert sjukepleie
- har kunnskap om kvalitet og pasienttryggleik innanfor pleie- og omsorgstenesta
- har kunnskap om yrkesetiske retningslinjer og gjeldande myndigheitskrav
- har kunnskap om samane sin status som urfolk og om samane sine rettar, særskilt innanfor helse- og sosialfeltet
Ferdigheiter:
Studenten…
- kan vise til fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid
Generell kompetanse:
Studenten…
- kan formidle sentralt fagstoff, problemstillingar og løysingar
- kjenner til standard terminologi i dokumentasjon av sjukepleie
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
- Førelesingar
- Arbeid i grupper
- Multimodale ressursar
- Formidling frå studentar
- Ferdigheitstrening
- Simulering
- Rettleiing
- Medstudentrespons
- Oppgåveløysing
- Sjølvstudium
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:
1: Deltaking i studiegruppe med medstudentrespons og rettleiing. Tema: Sykepleie - fag og funksjon
2: Deltaking i studiegruppe med medstudentrespons og rettleiing. Tema: Grunnleggende behov
3: Deltaking i studiegruppe med medstudentrespons og rettleiing. Tema: Pasientfenomener, samfunn og mestring
Vurderingsform
Individuell skriftleg skuleeksamen, 4 timar.
Tid og stad for eksamen blir gitt på Studentweb.
Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er bestått karakter og F er ikkje bestått karakter.
Ny eksamen gjennomføres med samme form som ordinær eksamen
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel