SYKB140 Sjukdomslære og farmakologi
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Emnet gjev brei kunnskap i sjukdomslære og farmakologi knytt til fysiske og psykiske sjukdommar, slik at ein kan identifisere pasienten sine behov og velge og grunngje sjukepleietiltak. Sjukdomslære omfattar både grunnleggande fellestrekk ved sjukdomsprosessar, sjukdommar og skade. Sjukdomslære omfattar årsaken til sjukdommen (etiologi), endringane som kan finnast i kroppen (patogenese), problema pasienten får (symptom), kliniske funn, korleis ein kan finne kva sjukdom pasienten har (diagnose), behandling av sjukdommen (terapi) og korleis ein forventar at sjukdommen utviklar seg (prognose).
Farmakologi er legemiddellære. Den generelle farmakologien omhandlar i hovudsak korleis legemiddel påverkar celler i kroppen (farmakodynamikk), korleis legemiddel vert tekne opp, transporterte, brotne ned og skilt ut av kroppen (farmakokinetikk). Farmakologi omhandlar også biverknadar av legemiddel og korleis legemidla kan påverke kvarandre sine effektar eller omsetnad (interaksjonar).
Emnet inneheld i tillegg følgande tema:
- Smerter og smertebehandling
- Forstyrringar i væske-, elektrolytt- og syre-base-balansen
- Blodprodukt og transfusjonar
- Traumatologi, brannskadar og forgiftingar
- Anestesi, pre-, per- og postoperativ behandling, intensivmedisin
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Kunnskap:
Studenten…
- har brei kunnskap om dei vanlegaste symptom, sjukdommar, sjukdomsforløp og behandling
- har brei kunnskap om dei vanlegaste psykiske lidingane og sjukdommane
- har brei kunnskap om farmakologi relatert til sjukepleiaren sitt funksjons- og ansvarsområde
- kjenner til behandling ved ulike skadar
Ferdigheiter:
Studenten…
- kan beherske omgrep og terminologi i fagfeltet sjukdomslære
- kan beherske omgrep og terminologi i fagfeltet farmakologi
Generell kompetanse:
Studenten…
- kan formidle sentralt fagstoff i fagfelta
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Emne SYK100, SYK110, SYK130 og SYK120P
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar
Arbeid i grupper
Multimodale ressursar
Formidling frå studentar
Rettleiing
Medstudentrespons
Oppgåveløysing
Sjølvstudium
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:
1: Deltaking i studiegruppe med medstudentrespons og rettleiing. Tema: Sjukdomslære.
2: Deltaking i studiegruppe med medstudentrespons og rettleiing. Tema: Farmakologi.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 5 timar.
Tid og stad for eksamen blir gitt på Studentweb.
Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A - E er bestått karakter og F er ikkje bestått.
Ny eksamen gjennomføres i samme form som ordinær eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel