BACH301 Bacheloroppgåve
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Bacheloroppgåva er eit forskingsretta arbeid der kandidatane skal formulere og svare på ei valt problemstilling skriftleg eller praktisk-estetisk, samt skriftleg svar på oppgåva. Oppgåva skal knytast opp mot studentane si fordjuping eller eit av kunnskapsområda i utdanninga. Oppgåva skal reflektere faglege, fagdidaktiske og/eller pedagogiske kunnskapar knytt til profesjonen og forskningsetiske vurderingar.
Det kan vere moglegheiter for å inngå samarbeid om datainnsamling med barnehagefaglege forskarar ved Hvl. Meir info om dette vil i tilfelle bli opplyst om ved emnestart.
Bacheloroppgåva skal skrivast i gruppe på 2 - 3 studentar.
Studentar med krav om særleg tilrettelegging kan søka om å skrive åleine.
Oppgåva skal skrivast på norsk.
Utfyllande campusbasert/fordjupningsbasert informasjon vert gitt ved emnestart.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten
- har grunnleggjande kunnskap om vitskapsteori, forskingsmetode og forskingsetikk
- har utvida kunnskap om sentrale faglege problemstillingar og barnehagefagleg forsking knytt til tema for oppgåva.
Ferdigheiter
Studenten
- kan analysere og drøfte ei barnehagefagleg problemstilling
- kan gjere etiske vurderingar og anvende vitskapsteoretisk og metodisk kunnskap i utforminga av bacheloroppgåva
- kan analysera og formidla vitskapleg fagstoff, munnleg og skriftleg
Generell kompetanse
Studenten
- har grunnleggjande ferdigheiter i akademisk skriving
- kan vise til innsikt og kritisk refleksjon i profesjonsrelevante spørsmål
- kan bruke forskingsbasert kunnskap til å vidareutvikle profesjonsfagleg kompetanse, profesjonen og barnehagen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Arbeid med bacheloroppgåva er forskingsførebuande og det er det sentrale i emnet.
Studentane må forvente 400 arbeidstimar til læringsaktivitetar, undervisning og arbeid med oppgåva. Sjølvstendig arbeid med oppgåva blir vektlagt i heile prosessen. Undervisninga vil bestå av førelesningar om vitskapsteori og forskingsmetode, seminar, og rettleiing knytt til arbeid med bacheloroppgåva.
Rettleiing
Rettleiing vert gitt på grunnlag av innsendt skriftleg materiale. Studenten skal møte førebudd. Studentar som ikkje har sendt inn materiale til avtalt tid eller som ikkje er førebudd, kan avvisast. Rettleiar skal godkjenne problemstilling, metode og prosjektplan.
Obligatorisk læringsaktivitet
Læringsaktivitetar som er obligatoriske må være godkjent for at studenten kan meldast opp til eksamen. Dei obligatoriske læringsaktivitetane er knytta til læringsutbytta i emnet.
1) Deltaking på 3 dagar metode- og vitskapskurs (haust)
2) Deltaking på seminar (vår)
3) Prosjektplan. Det vert lagt særleg vekt på at studentane viser innsikt i forskingsetikk.
4) Rettleiing. Ei obligatorisk rettleiingsøkt etter godkjent prosjektplan.
Det er fire læringsaktivitetar: Ved fråvær av obligatorisk læringsaktivitetar 1 & 2 skal studentar oppfylle krav om kompenserande læringsaktivitet. Dersom studenten ikkje får godkjent læringsaktivitet 3 på første forsøk, vert det høve til eit (1) nytt forsøk innan gitt frist før eksamen.
Utfyllande campusbasert/fordjupningsbasert informasjon vil bli gitt ved emnestart.
Vurderingsform
Bacheloroppgåva skal enten vurderast i sin heilskap som ein skriftleg rapport som tel 100 %, eller beståande av to delar som utgjer ein heilskap: ein praktisk-estetisk del som tel 40 % og ein oppgåvetekst som tel 60 %.
Omfang for gruppeoppgåve: 11 000 +/- 10 % ord. Ved individuell oppgåve: 9 000 +/- 10 % ord. Ved praktisk-estetiske delsvar forventar ein eit omfang på 6 000 +/- 10 % ord for individuell oppgåve, og 8 000 +/- 10 % ord for gruppeoppgåve.
Ei bacheloroppgåve som er vurdert til ikkje bestått kan omarbeidast og leverast inn for ny vurdering.
For oppgåve som blir vurdert til ikkje bestått og er levert av 2-3 studentar, må alle i gruppa vere einige i at oppgåva skal omarbeidast og leverast inn til ny vurdering.
Studentar som skal levere på nytt må gjennomføre ei obligatorisk rettleiing. Innlevering av omarbeida oppgåve kan berre skje ein gong. Ved tredje forsøk må det leverast ei heilt ny oppgåve. Ny prosjektplan må godkjennast av oppnemnd rettleiar.
Vurdering av bacheloroppgåva blir gjort av ein intern og ein ekstern sensor. Oppgåva blir vurdert etter karakterskala A-F, der A er best og F er ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel