BARN120 Barnevernet i velferdsstaten
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
I dette emnet er hovudtyngda av undervisninga knytt til bruk av juridisk metode og forvaltningsrett. Det vert lagt til rette for at studenten kan tileigne seg kunnskap om å argumentere juridisk. Det vert gitt ein introduksjon til barnevernsretten, samt undervist i dokumentskiving, stat- og kommunalkunnskap og sosialpolitiske målsetnader med relevans for barnevernsfeltet. Vidare vil studenten lære om sosiologiske omgrep og perspektiv som kan brukast til å forstå individuelle og samfunnsmessige utfordringar i velferdssamfunnet. Perspektiv på kjønn og etnisk mangfald inngår også i emnet.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap: Studenten…
- har kunnskap om den norske statsforvaltninga og helse- og sosialpolitiske målsetnadar på barne- og familiefeltet.
- har kunnskap om relevante sosiologiske omgrep og perspektiv.
- har kjennskap til juridisk metode og forvaltningslova, og kva tyding dette har i yrkesutøvinga.
- har kunnskap om etnisitet omgrepet og ulike kulturomgrep, og om migrasjonsprosessar ved flukt og arbeidsinnvandring.
- har kunnskap om og forståing for samars status som urfolk.
- har kunnskap om etiske verdiar og maktforhold i yrkesutøvelsen.
- kan gjere greie for samfunnsstrukturer som hemmar og fremmar sosial ulikskap, inkludering, likestilling og diskriminering.
- har kunnskap om sammanheng mellom levekår, utdanning og betydningen av arbeidsinkludering.
Ferdigheter: Studenten...
- kan bruke sakshandsamingsreglar og grunnleggande prinsipp i forvaltningslova og kunne nytte desse i skriftlege dokument.
Generell kompetanse: Studenten...
- har innsikt i og er medviten om kva tyding institusjonelle og kulturelle rammer har for arbeid med barn og familiar i utsette livssituasjonar.
- kan formidle munnleg og skriftleg grunntrekka i juridisk metode og kjenne til lova si tyding for yrkesutøvinga.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings og læringsformer vekslar mellom plenumsførelesingar, seminar, ferdigheitstrening knytt til dokumentskriving og arbeid i basisgruppe. Mykje av undervisninga skjer gjennom bruk av digitale verktøy.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktivitet må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- 80 % frammøte i studentaktiv - og erfaringsbasert undervisning knytt til seminar og basisgruppearbeid.
2. Minimum 80 %frammøte i juridisk metode og ferdigheitstrening i dokumentskriving
3. Individuell oppgåve knytt til dokumentskriving. Omfang: 800 ord +/- 10%. Det vil bli gitt skriftlig tilbakemelding
4. Munnleg framlegg i grupper frå arbeid med oppgåver i basisgrupper.
5. Individuelt refleksjonsnotat. Omfang: 500 ord (+/- 10%).
Ved ikkje godkjent skriftleg obligatorisk læringsaktivitet kan ein levere inn revidert versjon ein gong, jf. Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet § 8- 4.
Godkjende læringsaktivitetar er gyldig i 3 semester.
Vurderingsform
Eksamen Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.
Tid og stad for eksamen,sjå Studentweb.
Vurderingsuttrykk Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.
Ny eksamen Ny eksamen blir gjennomført med same form som ordinær eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Lovsamling og to språkleg ordliste.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- BVP5-105 - Sosialpedagogisk introduksjon - Reduksjon: 7,5 studiepoeng