Hopp til innhald

BIDR210 Fysiologi og treningslære

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet omhandlar menneskets fysiologi og fysiologiske endringar som følgje av trening. Studentane vil også lære å planlegge trening og gjennomføre relevante testar for å vurdere fysisk kapasitet. 

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte: 

Kunnskapar  

Studenten

  • har brei kunnskap om fysiologi med hovudvekt på organsystema sentrale for fysisk aktivitet og trening  
  • har brei forståing for adaptasjonar til uthalds- og styrketrening  
  • har brei forståing for testing av fysisk kapasitet

 

Ferdigheiter  

Studenten 

  • kan nytte fagleg kunnskap til å planlegge trening for ulike individ og treningsmål  
  • kan gjennomføre relevante tester for fysisk kapasitet
  • kan innhente, analysere, tolke og presentere testdata

 

Generell kompetanse  

Studenten 

  • kan nytte fagleg kunnskap til å utarbeide periodeplanar og øktplanar 
  • kan diskutere sentrale problemstillingar innan forsking knytt til styrke- og uthaldstrening  

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

IDF101 Treningslære 

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad knytt til førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. Emnet inneheld både teoretiske og praktiske timar med fokus på studentaktive læringsformer. 

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen: 

  • Obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i praktiske timar
  • Eit skriftleg arbeid knytt til testing der studenten selv innhenter, analysere, tolker og presenterer testdata

Desse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytta om ferdigheit der studenten skal kunne nytte fagleg kunnskap til å planlegge trening for ulike individ og treningsmål, gjennomføre relevante tester for fysisk kapasitet og innhente, analysere, tolke og presentere testdata.

Vurderingsform

Individuell skriftleg skuleeksamen (seks timar). Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel