Hopp til innhald

BULLD101 Barns utvikling, leik og læring

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Kunnskapsområdet tek utgangspunkt i barnehagen sitt verdigrunnlag og skal bidra til den faglege innsikta som er nødvendig for å kunne arbeide pedagogisk med leik, læring, omsorg og danning i eit mangfaldig og berekraftig samfunn. Leik er ein livs- og læringsform med eigenverdi og er avgjerande for allsidig utvikling. Kunnskapsområdet omfattar erfaring med planlegging, gjennomføring og vurdering av lærings- og utviklingsprosessar for barn i ulik alder og med ulike føresetnader.

Kunnskapsområdet omfattar barnehagepedagogiske tema som kan bidra til å skape eit inkluderande fellesskap med omsorg, tryggheit, anerkjenning, medverknad og utforsking. Kunnskapsområdet er nært knytt til praksis. Gjennom observasjon, refleksjon og utprøvingar skal studenten få innblikk i arbeidet som barnehagelærar og leiar. Studenten skal også ta del i kvardagslivet i barnehagen og delta aktivt i barns leik og formelle og uformelle samspels- og læringssituasjonar.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Etter fullført emne skal studenten ha kunnskap om:

  • Barnehagens formelle rammer, målsetjingar og verdigrunnlag
  • Barns medverknad, syn på barn og barndom
  • Teoriar og forsking om barns utvikling, leik, omsorg, læring og danning
  • Leik som fenomen og barnehagen som arena for utforsking, vennskap, samspel og kroppsleg utfalding
  • Didaktikk og observasjon 
  • Ulike overgangar knytt til barnehagelivet
  • Pedagogisk leiing

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal studenten kunne: 

  • Observere og analysere observasjonane
  • Skape, delta i og oppretthalda omsorgsfulle relasjonar og vise evne og vilje til innleving og anerkjenning av kvart enkelt barn
  • Etablere og leie samspel med enkeltbarn og i barnegrupper og reflektere fagleg over egen rolle
  • Planlegge, gjennomføre og vurdere pedagogisk arbeid
  • Vere deltakande og inspirerande i leik med barn i ulike miljø

Generell kompetanse

Etter fullført emne skal studenten kunne:

  • Reflektere fagleg over praktiske og teoretiske problemstillingar knytta til barns utvikling, leik, læring, omsorg og danning
  • Ha ein anerkjennande veremåte i møte med barns særeigne behov og læring
  • Reflektere fagleg om barn sin integritet basert på forståing av barn sin rett til medverknad og syn på barn og barndom
  • Praktisere og grunngi eigen pedagogiske kompetanse

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformer

Førelesningar, seminar og studentaktive læringsformer, både individuelt og i grupper. 

Praksis

Leiing av seg sjølv og barna

Studenten skal i løpet av første studieår få ei grunnleggjande forståing av pedagogisk leiing i barnehagen og tileigne seg kunnskap om barnehagen som lærande organisasjon. Gjennom observasjon og refleksjon skal studenten få innsyn i arbeidet som barnehagelærar. Studenten skal òg ta del i kvardagslivet i barnehagen og delta aktivt i barns leik og i samspels- og læringssituasjonar. Praksislærar skal i tillegg til å vere rettleiar, vere rollemodell. Studenten skal utvikle ulike sider ved barnehagelærar-rolla, som å:

  • vise evne til leiing av seg sjølv i møte med praksisbarnehagen
  • planlegge og gjennomføre faglege aktivitetar med barnegruppa og kritisk vurdere eiga pedagogisk leiing og eigen praksis
  • ta i bruk observasjon som reiskap for refleksjon over seg sjølv, barns veremåte og deira omsorgs-, leike- og læringsbehov
  • legge til rette for variert leik og utvikle gode samspelsmønster saman med barn
  • vise evne til å reflektere over kva pedagogisk leiing i møte med barn og barnegrupper inneber

Leiardagane (minimum 3) skal gjennomførast i løpet av heile praksisperioden (haust og vår) og må ha fokus på desse områda i vurderinga av studenten.

Obligatorisk læringsaktivitet

Dei obligatoriske læringsaktivitetane er knytt til læringsutbytta i emnet. 

  • Godkjent obligatorisk deltaking, minimum 80%. 
  • Ein individuell læringsaktivitet knytt til pedagogisk leiing og observasjon
  • Ein obligatorisk læringsaktivitet i grupper knytt til barns utvikling, leik og læring.

Obligatoriske læringsaktivitetar blir nærmare presisert ved semesterstart.

Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet ikkje blir godkjent, får studenten éin (1) moglegheit til ny innlevering/gjennomføring innanfor ordinært studieforløp for emnet. Nytt forsøk må avviklast innan gitt frist før eksamen.

Vurderingsform

Heimeeksamen tre dagar.

Omfang totalt 2500 - 3000 ord.

Karakterskala: A-F, der F tilsvarar ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Pensum og relevante kjelder. 

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BULL101 - Barns utvikling, leik og læring - Reduksjon: 20 studiepoeng
  • BLU-BULL - Barns utvikling, leik og læring - Reduksjon: 20 studiepoeng
  • ABLU-BULL1 - Barns utvikling, leik og læring 1 - Reduksjon: 20 studiepoeng
  • BULLA101 - Barns utvikling, leik og læring - Reduksjon: 20 studiepoeng