BØ6-1012 Innføring i bedriftsøkonomi og rekneskap for reiselivet
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Kurset vil mellom anna innehalda:
- Kostnadsteori
- Teori om etterspurnaden etter varer/tenester
- Marknadstilpassinga
- Produktkalkylar
- Finansreknskapen
- Litt om driftsrekneskapen
Læringsutbytte
Læringsutbyte
Kunnskapar
- Forstå ulike kostnadsomgrep som til dømes faste kostnader, variable kostnader, direkte kostnader, indirekte kostnader, irreversible kostnader og alternativkostnader
- Forstå bedrifta si tilpassing under ulike marknadsforhold
- Forstå kva ein kalkyle er og korleis kalkylar vert utarbeidd
- Forstå skilnaden mellom ein bidragskalkyle og ein sjølvkostkalkyle
- Forstå kva ein finansrekneskap er og forstå samanhengen mellom resultat og balanse
- Forstå enkle økonomiske nøkkeltal
- Forstå kva ein driftsrekneskap er og skilnaden på ein driftsrekneskap og ein finansrekneskap
Dugleikar
- Kunne rekna ut kostnads- og inntektstal for ei verksemd
- Kunne rekna ut lønsemda for ulike produkt
- Kunne rekna lønsemda av sal i to marknader
- Kunne utarbeida både bidrags- og sjølvkostkalkylar
- Kunne kalkulera enkle nøkkeltal
- Kunne forklara samanhengen mellom ein resultatrekneskap og balansen
- Kunne utarbeida enkle budsjett
Generell kompetanse:
- Kunne styra økonomien i mindre bedrifter
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og rekneøvingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen.
Vurderingsform
4 timar heimeeksamen
Bokstavkarakter
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle.
Meir om hjelpemiddel