EVOMUS801 Musikk 1 emne 1 for trinn 1-10
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Musikk 1 Vidareutdanning for lærarar i grunnskulen 1-10 retter seg mot lærarar i grunnskulen som ikkje har formell utdanning i musikk.
Studiet har desse hovudkomponentane: Grunnleggande erfaringsbasert og forskingsbasert opplæring i utøvande, lyttande og skapande verksemd, musikalsk barne- og ungdomskultur, begynnaropplæring i musikk og innføring i skulefaget musikk slik det er forma for trinna 1-7 og 5-10 i gjeldande læreplan.
Dei fagdidaktiske delane av studiet er sikta inn mot musikklæraren sitt arbeid med elevar si faglege læring på trinna 1-7 og 5-10. Det kan bli lagt opp til eit differensiert opplegg for 1.-7. trinn og 5.-10. trinn i deler av emnet dersom det er føremålsteneleg og tilhøva ligg til rette for det. Tilpassa opplæring og ulike former for vurdering er tema som blir inkludert i emnet både for 1-7 og 5-10-lærarar. Undervisningsstoff og arbeidsmåtar i studiet skal gi studentane ferdigheiter, kunnskap og erfaring som gjer dei fortrulege med begynnaropplæring og vidare progresjon i musikkfaget.
Studiet er delt inn i to emne - emne 1 (15 sp) går om hausten og emne 2 (15 sp) går om våren.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om psykologiske og kulturelle faktorar som verkar inn på utviklinga av musikalitet, uttrykksformer, kreativitet og identitet hos barn og unge
- har kunnskapar om musikklæraren som leiar og tilretteleggar for musikkopplæring
- har kunnskap om analoge og digitale læringsressursar og læringsmateriell for musikkfaget og kan vurdere desse kritisk
- har kunnskap om fagterminologi som bidrar til å forstå, analysere og notere musikk
Ferdigheiter
Studenten
- kan synge og bruke stemma på varierte måtar, kan akkompagnere på akkordinstrument, og kan uttrykke seg på ulike instrument
- kan leike og/eller danse til musikk, og meistrar eit variert repertoar av songar, rim, regler, songleikar og dansar frå ulike kulturar, til bruk i musikkundervisning på trinna 1-7 eller 5-10.
- kan improvisere, arrangere og komponere musikk med stemme, musikkinstrument og digitale verktøy
- har erfaring med ulike innfallsvinklar til begynnaropplæring og progresjon i musikkfaget og er fortruleg med grunnleggande ferdigheiter og kompetansar i skulefaget musikk
Generell kompetanse
Studenten
- kan gjennomføre heilskaplege undervisningsforløp og reflektere over samanhengar mellom mål, innhald og vurderingsformer i musikkfaget
- kan stimulere elevane si evne og vilje til å utforske, skape, oppleve, uttrykke og reflektere
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Det er ei føremon om studenten har noko praktisk erfaring med musikk frå før.
Undervisnings- og læringsformer
Arbeidet i emnet føregår på fysiske samlinger med klasse- og gruppeundervisning (3 samlinger a 3 dagar kvart semester), og gjennom nettbasert undervisning, rettleiing og gruppearbeid.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Obligatorisk frammøte. Fråvær må dokumenteras med sjukemelding. Studentane er sjølv ansvarleg for å halde seg oppdatert om fagleg innhald dei eventuelt har gått glipp av.
- To praksisobservasjonar av musikkundervisning
- Leselogg etter gitte retningsliner
Læringsaktivitetetane blir vurdert som godkjent/ikkje godkjent. Godkjente læringsaktivitetar gjeld i tre (3) påfølgande semester etter godkjenning.
Vurderingsform
Praktisk eksamen, ca. 15 minutt.
Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel