EVOMUS802 Musikk 1 emne 2 for trinn 1-10
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Musikk 1 Vidareutdanning for lærarar i grunnskulen 1-10 retter seg mot lærarar i grunnskulen som ikkje har formell utdanning i musikk.
Studiet har desse hovudkomponentane: Grunnleggande erfaringsbasert og forskingsbasert opplæring i utøvande, lyttande og skapande verksemd, musikalsk barne- og ungdomskultur, begynnaropplæring i musikk og innføring i skulefaget musikk slik det er forma for trinna 1-7 og 5-10 i gjeldande læreplan.
Dei fagdidaktiske delane av studiet er sikta inn mot musikklæraren sitt arbeid med elevar si faglege læring på trinna 1-7 og 5-10. Det kan bli lagt opp til eit differensiert opplegg for 1.-7. trinn og 5.-10. trinn i deler av emnet dersom det er føremålsteneleg og tilhøva ligg tilrette for det. Tilpassa opplæring og ulike former for vurdering er tema som blir inkludert i emnet både for 1-7 og 5-10-lærarar. Undervisningsstoff og arbeidsmåtar i studiet skal gi studentane ferdigheiter, kunnskap og erfaring som gjer dei fortrulege med begynnaropplæring og vidare progresjon i musikkfaget.
Studiet er delt inn i to emne - emne 1 (15 sp) går om hausten og emne 2 (15 sp) går om våren.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om musikkfaget før og no, med særleg blikk på fagfornyinga
- har forskingsbasert kunnskap om læring og estetiske og kreative læringsprosesser knytt til begynnaropplæring i musikk og til vidare progresjon i musikkfaget
- har innsikt i musikken si rolle som identitetsskapar, kommunikasjonsmedium og kulturuttrykk i skulekvardagen og i samfunn prega av mangfald
- har kunnskap om tilpassa opplæring og ulike former for vurdering i musikkfaget
Ferdigheiter
Studenten
- kan leie og instruere song-, samspel- og danseprosessar med medstudentar og med elevar
- kan lytte aktivt til eit breitt utval av musikk frå ulike sjangrar, historiske periodar og ulike kulturar og vise kunnskap om denne musikken gjennom munnlege, skriftlege og andre uttrykksformer
- kan improvisere, arrangere og komponere musikk med stemme, musikkinstrument og digitale verktøy
- kan planlegge, bruke og vurdere varierte arbeidsformer, metodar og vurderingsformer som bidrar til tilpassa musikkopplæring
Generell kompetanse
Studenten
- kan initiere fagleg samarbeid og leggje til rette for musikkfagleg læring i fleirfaglege tema- og prosjektarbeid
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Det er ei føremon om studenten har noko praktisk erfaring med musikk frå før.
Undervisnings- og læringsformer
Arbeidet i emnet føregår på fysiske samlinger med klasse- og gruppeundervisning (3 samlinger a 3 dagar kvart semester), og gjennom nettbasert undervisning, rettleiing og gruppearbeid.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Obligatorisk frammøte. Fråvær må dokumenteras med sjukemelding. Studentane er sjølv ansvarleg for å halde seg oppdatert om fagleg innhald dei eventuelt har gått glipp av.
- Planlegging, gjennomføring og evaluering av eit undervisningsforløp i musikk ved hjelp av digitale verktøy.
- Ei skriftleg oppgåve
Læringsaktivitetane blir vurdert som godkjent/ikkje godkjent. Godkjente læringsaktivitetar gjeld i tre påfølgande semester etter godkjenning.
Vurderingsform
Praktisk eksamen med individuell karakter, ca. 30 minutt.
Eksamen kan bli gjennomført i gruppe.
Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel