Hopp til innhald

KAS510 Avansert klinisk allmennsjukepleie til pasientar med samansette og langvarige helseproblem

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

I dette emnet skal studenten vidareutvikle kompetansen i å sjølvstendig utøve avansert klinisk allmennsjukepleie ved å førebyggje, behandle, lindre  og rehabilitere langvarige og samansette helseproblem. Studenten skal kombinere teoretiske og kliniske kunnskapar for å kunne behandla pasientar og samstundes ta omsyn til pasienten sin rett til medbestemming. Vidare skal studenten tileigne seg kunnskap om heilskaplege pasientforløp, helsekompetanse, pasientopplæring og rettleiing. Følgande tema blir omhandla:

  • langvarige og samansette helseproblem i alle aldrar
  • førebygging, behandling, lindring og rehabilitering ved ulike tilstandar
  • pasientar og pårørande sine reaksjonar og behov
  • heilskaplege pasientforløp
  • helsekompetanse, pasientopplæring og rettleiing

Læringsutbytte

Ein student med fullført kvalifikasjon har følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Studenten har:

  • inngåande kunnskap om dei mest vanlege langvarige og samansette helseproblema hjå pasientar i kommunehelsetenesta i eit norsk og internasjonalt perspektiv.
  • inngåande kunnskap om legemiddelbehandling, legemiddelhandtering og systematisk gjennomgang av legemiddel.
  • inngåande kunnskapar om heilskaplege pasientforløp for pasientar med langvarige og samansette helseproblem.
  • inngåande kunnskap om systematiske kliniske undersøkingsmetodar og standardiserte norske og internasjonale vurderingsverktøy som er relevante for pasientar med langvarige og samansette helseproblem.
  • kunnskap om situasjonar og vanlege reaksjonar og behov som kan oppstå hjå pasientar og pårørande, i lys av alder, kjønn og sosial og kulturell bakgrunn.
  • kunnskap om helsepedagogikk, korleis ein kartlegg og førebyggjer helseproblem og aktiviserer helseressursar hjå brukarar, pasientar og pårørande.

Ferdigheiter: Studenten kan:

  • gjennomføre systematiske og sjukepleiefaglege undersøkingar og vurdere helsetilstanden til pasientar, mellom anna ved bruk av kartleggingsverktøy.
  • påvise, vurdere og analysere endringar i pasienten sin helsetilstand og gjere kvalifiserte vurderingar og faglege resonnement og i samarbeid med andre setje i verk. sjukepleiefaglege tiltak for å utøve heilskapleg sjukepleie.
  • analysere levevanar, ressursar, meistringsevne og sosial situasjon i lys av blant anna den språklege og kulturelle bakgrunnen til pasienten og setje i verk tiltak som fremjar helse og førebyggjer eller avgrensar helsesvikt.

Generell kompetanse: Studenten kan:

  • gjennomføre sjukepleietiltak, samarbeide med andre og følgje opp behandling
  • sikre medbestemming og autonomi for brukarar og pårørande i alle ledd
  • undervise, rettleie og støtte pasientar, brukarar og pårørande slik at dei kan ta avgjerder som fremjar helse og meistring
  • rettleie pasientar og pårørande i korleis diagnose og behandling kan påverke seksualitet, fysisk og psykisk

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidsformene for emnet er digitale forelesingar på tvers av campus, simulering, sjølvstudium og seminar med innlegg, diskusjon og tilbakemelding frå medstudentar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske  læringsaktivitetar må være godkjend før studenten kan fremstille seg til eksamen:

1. Emnet har ein obligatorisk læringsaktivitet (deltaking i seminar) som er delt i to:

a) halde eitt innlegg til diskusjon b) gi respons på eit innlegg frå ein medstudent

2. 65 timar ferdigheitstrening, simulering og kritisk refleksjon  (av desse er 30 timar simulering)

Læringsaktivitetane er gyldig i 3 påfølgande semester.

Vurderingsform

Oppgåve Individuell eller i gruppe (2-3 studentar). Oppgåva har eit omfang på 5000 ord +/- 10 %.

Ved gruppeeksamen skal alle deltakarane i gruppa bidra til eit felles produkt. Karakteren på produktet skal vere lik for heile gruppa. Oppstår det tvil om ein eksamenskandidat bidreg eller har bidrege tilstrekkeleg til å få utteljing for eit felles produkt skal det hentast inn skriftleg individuell fråsegn frå alle gruppemedlemene og fagleg rettleiar eller emneansvarleg. Høgskulen kan gjere vedtak om at eksamenskandidaten skal reknast for ikkje å ha møtt under eksamen

Vurderingsuttrykk Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.

Ny eksamen Ved ikkje bestått eksamen kan revidert oppgåve leverast til ny vurdering.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel