KAS590 Masteroppgåve i avansert klinisk allmennsjukepleie
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Masteroppgåva bør vanlegvis ta utgangspunkt i ei problemstilling frå fagfeltet klinisk allmennsjukepleie. Ho kan gjerne ta for seg eit område studenten har erfaring med. Med bakgrunn i eigen prosjektplan skal studentane gjennomføre eit sjølvstendig avgrensa forskingsarbeid. Oppgåva kan vere ei empirisk undersøking eller ein teoretisk analyse knytt til det valde problemområdet. Masteroppgåva kan ha form som monografi eller som publiserbar artikkel med kappe.
Studenten fyller ut ei avtale om rettleiing og sender denne til rettleiar så tidleg som mogeleg etter forventa oppstart på masteroppgåva. Avtalen skal signerast i etterkant av at tema og metoden for masteroppgåva er valt. Studenten, rettleiar eventuelle medrettleiar og emneansvarleg skal signere avtalen. Sjå Rettleiar for Masteroppgåve ved FHS.
Læringsutbytte
Ein student med fullført kvalifikasjon har følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap: Studenten…
- kan gjere greie for sentrale teoriar og metodar på fagområdet og arbeide sjølvstendig med teoretisk problemløysing.
- kan analysere og stille seg kritisk til relevante teoriar og nasjonal og internasjonal forsking på området
Ferdigheiter: Studenten …
- kan analysere kliniske, faglege og etiske problemstillingar på sitt eige fagområde.
- har inngåande kunnskap om dei ulike delane av forskingsprosessen.
- kan bruke relevante forskingsmetodar i eit sjølvstendig, avgrensa forskingsarbeid.
- kan stille seg kritisk til ulike informasjonskjelder
- kan anvende forskingsetiske retningsliner i eige forskingsarbeid
Generell kompetanse: Studenten...
- kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande lover og vitskaplege og forskingsetiske normer og formidle kunnskap frå dette.
- kan arbeide analytisk og peike på behov for innovasjon og tenesteutvikling
- kan bidra med kunnskapsbaserte argument i allmennsjukepleie
Krav til forkunnskapar
KAS530 Prosjektplan, MAMET1SKA Etikk, vitenskapsteori og metode og KAS540 Praksisstudium i avansert klinisk allmennsjukepleie
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, sjølvstudium, seminar og rettleiing blir brukt som undervisnings- og læringsformer. Med bakgrunn i tema og problemstilling får studenten tildelt ein rettleiar. Den individuelle rettleiinga baserer seg på at studenten sjølv tek ansvar for progresjonen i arbeidet. Det blir lagt opp til felles digitale seminar eller seminar med fysisk oppmøte undervegs der studentane skal leggje fram og drøfte arbeidet sitt med medstudentar og rettleiarar.
Rettleiinga kan foregå individuelt, i seminar og/eller i gruppar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatorisk læringsaktivitet må være godkjend før studenten kan framstille seg til eksamen:
- 90 % deltaking i studentaktiv undervisning (digitale seminar eller seminar med fysisk oppmøte med presentasjon av prosjektet undervegs for rettleiarar og medstudentar)
- deltatt på minumum 5 timar rettleiing på masteroppgåva
Vurderingsform
Masteroppgåve Masteroppgaven kan være et frittstående arbeid, eller inngå som en avgrenset, men selvstendig del av et pågående forskningsprosjekt.
Masteroppgaven kan utarbeidast individuelt eller i gruppe.
Alternativ 1: Artikkel som tilfredsstiller kvalitetskravene til et referee-bedømt nasjonalt eller internasjonalt vitenskapelig tidsskrift: Kappe på inntil 8500 ord, samt artikkel svarende til tidsskriftets retningslinjer.
Alternativ 2: Monografi med et omfang på inntil 15000 ord.
Vurderingsutrykk Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterer og F er ikke bestått.
Ny eksamen Ved ikkje bestått (karakter F) kan studenten levere ei forbetra versjon av masteroppgåva ein gong. Det er ikkje høve til å forbetre karakter på ei bestått masteroppgåve innan same studieprogram.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel