LKB301 Leiing og kulturkompetanse i barnehagen
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Emnet har eit særleg fokus på personalet i samanheng med barns livsvilkår knytt til sosial og kulturell variasjon. Dette inkluderar mellom anna migrasjon, minoritets- og majoritetsperspektiv, makt, leiing og etisk og kritisk refleksjon knytt til kulturelt mangfald. Eit lærande og endringsfokusert personale med bevisstheit kring tilhøyrigheit, inkludering og identitet kan ivareta sosial og kulturell bærekraft i barnehagen.
Emnet er knytt til følgjande tre områder:
- Verden i barnehagen - livssyn, religion, ulikskap og individuelle føresetnader
- Pedagogisk leiing, kritisk refleksjon og haldningsarbeid som leiar i eit personale
- Danning og interkulturell kompetanse knytt til den fleirkulturelle barnehagen
Kunskapsbasen bygger på faga pedagogikk, samfunnsfag og rle.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om makt, medverknad, likeverd og mangfald i demokratiske prosessar knytt til barn, foreldre- og personalsamarbeid
- har kunnskap om interkulturell kompetanse og interkulturell kommunikasjon
- har kunnskap om komparative perspektiv på sosialisering og ulike oppdragelsesideal, samt forskjellane mellom kulturforståing og kulturalisering, knytt til foreldresamarbeid
- har kunnskap om filosofiske og etiske problemstillingar knytt til samfunnet på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå
- har kunnskap om organisasjonsteori, organisasjonskultur, den mangfaldige barnehagen som lærande organisasjon og kan ta denne kunnskapen i bruk i høve eigen leiarrolle
Ferdigheiter
Studenten kan
- reflektere over filosofiske, etiske, religiøse og kulturelle problemstillingar i barnehagen
- identifisere og reflektere rundt ulike maktforhold i den fleirkulturelle barnehagen
- sjølvstendig og i lag med andre planlegge og setje i gang bevisstgjeringsprosessar knytt til personalet sine haldningar til mangfald, og setje i gang endringsprosessar knytt til tverrkulturell kompetanse
- praktisere og leie fleirkulturelt foreldre- og personalsamarbeid i samanheng med eigne verdiar, normer og grunnleggande haldningar
- praktisere og leie det pedagogiske arbeidet i den mangfaldige barnegruppa med bevisstheit kring ulikskap som utfordring og mulegheit
Generell kompetanse
Studenten
- kan analysere og vurdere etiske dilemma ut i frå barnehagen sitt verdigrunnlag og samfunnsmandat
- kan reflektere over barnehagen som ein arena for kultur- og religionsformidling, verdiar og danning. Samt sjå barn sin oppvekst i eit samfunn i endring
- er kritisk reflekterande til eigne verdiar, normer og handlingspraksis
- kan vidareutvikle barnehagen og barnehagelærarrolla knytt til den fleirkulturelle barnehagen som lærings- og inkluderingsarena
- kan leie haldningsskapande arbeid med personalet i barnehagen og knytt til samarbeid med heimen
Krav til forkunnskapar
Emnet SRLE201/SRLE202/SRLED201 må vere bestått
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga i emnet kan bestå av førelesingar, seminar, gruppediskusjonar og andre obligatoriske og studentaktive læringsformer, både individuelt og i grupper.
PRAKSIS
Leiing av barn og barnehagen.
Studenten skal i tredje studieår utvikle evne til pedagogisk leiing og leiing av endrings- og utviklingsprosessar i barnehagen og vise at pedagogisk leiing inneber profesjonsetisk bevisstheit. Studenten skal fokusere både på eigen yrkesidentitet og barnehagen sitt samfunnsmandat og kunne reflektere over dette. Studenten skal utvikle ulike sider ved barnehagelærarrolla, som å:
- stå fram som barnehagelærar og kunne reflektere rundt ulike sider ved profesjonsutøvinga generelt og fordjupinga spesielt
- auke si generelle pedagogiske leiarkompetanse
- kunne legge til rette for eit miljø som fremmar og tek i vare leik
Leiardagane (minimum fem) skal gjennomførast i løpet av heile praksisperioden (haust og vår), og må ha fokus på desse områda i vurderinga av studenten.
Obligatorisk læringsaktivitet
Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane vil bli gitt ved semesterstart. Dei obligatoriske læringsaktivitetane er knytt til læringsutbytta i emnet.
Godkjent obligatorisk deltaking, minimum 80%.
2 individuelle oppgåver
2 gruppeoppgåver, knytt til eit avgrensa lærings-/utviklingsarbeid
Dei obligatoriske læringsaktivitetane vurderes til godkjent/ikkje godkjent. Dersom ikkje godkjent, får student eit nytt forsøk. Alle oppgåvene må vere godkjende seinast 2 veker før eksamen.
Vurderingsform
Individuell skriftleg prosjektrapport.
Karakterskala A - F, der F tilsvarar ikkje bestått.
Ved ikkje bestått (F) kan studenten levere omarbeidd tekst ein gong.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel